Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis skal vi lære naturfag?

Naturfag er eit vidt fagfelt med mange ulike disiplinar. Den viktige kunnskapen innanfor desse fagområda er utvikla gjennom nitid arbeid over lang tid. Korleis skal ein kunne tileigne seg dette innanfor ramma av skulefaget naturfag?
En elev følger med på et forsøk med planter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag struktur i kunnskapen

Det er ei trøyst i dette arbeidet at naturvitskapane ikkje berre har utvikla omfattande kunnskap, men òg utarbeidd metodar for å byggje kunnskap på ein strukturert måte. Naturvitskaplege arbeidsmetodar er eit omgrep som gjerne blir brukt om kunnskapsbygginga i vitskapane. Forsking har vist at det er mange parallellar mellom dei naturvitskaplege arbeidsmetodane og dei mekanismane som gjer seg gjeldande i vårt eige læringsarbeid. God struktur i arbeidet er viktig!

Knyt samanhengar med det du kan

Illustrasjon av tankekart.

For det første må alt læringsarbeid setjast inn i ein samanheng. Når vi byggjer ny erkjenning, byggjer vi på noko vi veit eller har erfart tidlegare. Denne kjernen er vesentleg for det læringsutbyttet vi sit igjen med. I naturfag vil dette seie at vi må vere medvitne om kva disiplin eller kva tema vi heile tida jobbar med.

Ditt eige verdsbilete

Dernest handlar læring om at vi byggjer opp vår eiga verkelegheitsforståing. Kunnskapen vår er på sett og vis vårt eige ”verdsbilete”. Det å byggje ei slik forståing er ikkje noko som kjem rekande på ei fjøl, men det er ein aktiv prosess der vi må leggje inn innsats og engasjement. God læring føreset ei aktiv tilnærming til stoffet – vi konstruerer vår eigen kunnskap!

Kva har du i verktøykassa?

Fire elever poserer foran ei tavle.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit tredje element som er viktig, er korleis vi tek inn informasjon og arbeider med denne på best mogleg måte. Her er det store individuelle variasjonar. Vi har alle ulike måtar å nærme oss nytt stoff på, ulike innfallsvinklar, ulike måtar å bruke sansar og erfaringar på i møte med "det ukjende". Det som er viktig, er at vi er bevisste på kva som gir oss størst utbyte. Liker du å høyre nytt stoff, er lesing mest nyttig, eller er du avhengig av å ta på, handtere eller vere i aktivitet som eit ledd i læringa di?

Vi snakkar gjerne om å utvikle effektive læringsstrategiar. Kort fortalt er ein læringsstrategi måten du organiserer læringa på gjennom å planleggje, gjennomføre og vurdere arbeidet ditt. Refleksjonen over den nye kunnskapen og bruken av denne er avgjerande for all læring.

Konkrete læringstips

Når du har klargjort grunnlaget for læringa, er det på tide å komme i gang. I det konkrete læringsarbeidet vil denne enkle oppskrifta kunne vere til hjelp. Men hugs – læring krev først og fremst eit sterkt medvit om kva som skal lærast! Kjenner du læringsmåla?

  1. Før du startar – tenk igjennom:

    • Kva tema/område/emne skal du i gang med? Kva kan du om dette frå før?
    • Prøv å seie på førehand kva det handlar om!
  2. Undervegs i læringsprosessen

    • Skaff deg oversikt – studer samandrag, overskrifter, rammer og bilettekstar først! Bruk animasjonar, lydfiler og andre verktøy som eit supplement til skriftlege framstillingar!
    • Spør deg sjølv undervegs – kven, kva, kvar, kvifor osv. – ver aktiv!
    • Noter uttrykk, omgrep og sentrale moment frå stoffet i eigne notat eller ved "markeringar". Lag tankekart!
    • Prøv å tolke bodskapen – for kven er teksten skriven? Kva vil forfattaren/designaren/forteljaren seie?
  3. Etter gjennomgangen

    • Summer opp – reflekter! Tenk gjennom og juster dine eigne modellar!
    • Drøft med deg sjølv og med andre – stemte forventningane? Kva var nytt? Kva har du lært?

Relatert innhald

Tankekart kan være eit godt verktøy du kan bruke når du skal oppsummere og pugge større tekstar.

CC BY-SASkrive av Tor Magnus Hansen.
Sist fagleg oppdatert 13.09.2018

Læringsressursar

Læringsråd