Hopp til innhald

Fagstoff

Konflikttrappa

Konflikttrappa er ein modell som forklarer korleis ein konflikt gjerne utviklar seg. Det er enklast å handtere ein konflikt på det nedste trinnet i trappa. Då er partane villige til å lytte til kvarandre.

Konflikttrappa

Konflikttrappa. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På det første trinnet er personane sakleg ueinige. Dei forklarer synspunkta sine om ei sak og registrerer at den andre har eit anna syn. Partane er ikkje uvenner og prøver å lytte til kva den andre meiner. Dei diskuterer og er villige til å finne ei løysing.

På det andre trinnet har konflikten auka. Partane står på sitt og argumenterer hardt for at dei sjølv har rett. Deira eiga løysing er den som bør veljast. Partane pratar ofte i munnen på kvarandre, og vi ser på kroppsspråket at dei er engasjerte. Dei lyttar i liten grad til det den andre seier.

På det tredje trinnet er partane sinte på kvarandre, og dei blandar sak og person. Dei roper til kvarandre og kallar kvarandre stygge ting. Gamle og uavslutta konfliktar dukkar opp. Begge har slutta å lytte til kva den andre seier. Dei truar kvarandre og krev at den andre skiftar meining. Konflikten er fastlåst.

På det fjerde trinnet er det «krig». Partane slåst og skrik til kvarandre. Dersom ingen skil dei, vil dei slåst til ein gir seg eller blir skadd. Dei ser på kvarandre som fiendar.

Konflikttrappa

Trinn 1: sakleg ueinighet, diskusjon

Trinn 2: ingen vil gi seg, krangel

Trinn 3: sinne og usaklegheit, kjefting

Trinn 4: konflikten er fastlåst

Tenk etter!

Diskuter kvifor det er lettast å løyse konfliktar på det første trinnet.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Konflikthandtering