Hopp til innhald

Fagstoff

Vi lever i ei filterboble

Når du søkjer på Google, sørgjer ein algoritme for å gi deg informasjon som stemmer med dei synspunkta som inngår i brukarprofilen din. Slik blir vi isolerte i vår eiga kulturelle og ideologiske boble.

Individualiserte tenester på Internett

Du har kanskje opplevd at du har googla eit bestemt produkt, og dagen etter dukkar ein annonse for akkurat dette produktet opp når du går inn på ei nettavis eller i profilen din i sosiale medium. Tilfeldig? Neppe!

Nettbaserte mediebedrifter skreddarsyr tenestene sine for å tilpasse dei til ulike brukargrupper. Tilpassinga er basert på informasjon dei har samla inn om preferansane til brukarane. Det gjeld både kommersielle tenester, nyheitstenester og søkjetenester.

To hundar skriv melding på internett. Teikninga har ein tekst der det heiter at på internett er det ingen som veit at du er ein hund. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Algoritmar skreddarsyr informasjon

Men éin ting er å samle informasjonen for å selje ei vare. Det er noko heilt anna når denne informasjonen blir brukt for å styre informasjonstilgangen vår. Stadig færre hentar informasjon frå tradisjonelle nyheitskanalar som TV, radio og papiraviser. I dag får vi i aukande grad nyheiter via digitale plattformer som PC, mobil og nettbrett.

Ifølgje internettaktivisten Eli Pariser har Google sidan 2009 skreddarsydd søkjetreffa våre ut frå kva deira trur er det beste søkjeresultatet for oss. Den informasjonen vi får, er derfor tilpassa det Google allereie veit om interessene og meiningsfellane våre. Det same skjer i sosiale medium.

Vi lever i ei filterboble

Vi bevegar oss mot ei verd der internett viser oss det tenestene trur vi ønskjer å sjå, men ikkje nødvendigvis det vi treng å sjå, ifølgje Eli Pariser. Han meiner at alle desse filtera til saman, alle desse algoritmane, gir oss det han kallar for ei filterboble, vårt eige avgrensa informasjonsunivers. Problemet er at vi ikkje sjølve bestemmer kva vi vil ha av informasjon, og at vi ikkje veit kva som blir filtrert bort.

Sjå Eli Pariser snakke om filterbobler på Youtube

Det heiter seg at det ikkje finst gratis lunsj. Kostnaden ved gratistenester som Google og Facebook er at den informasjonen vi gir frå oss, isolerer oss som konsumentar. Algoritmane blir dei nye for informasjon. Dei erstattar tradisjonelle portvakter som redaktørar og journalistar, som trass alt er identifiserbare personar.

Ekkokammer utfordrar demokrati og samhald

Omgrepet ekkokammer blir brukt om ein situasjon der informasjon, idear eller oppfatningar blir forsterka gjennom gjenteken kommunikasjon innanfor ei avgrensa gruppe. Ein effekt av dette kan vere sterkare polarisering mellom ulike samfunnsgrupper. Spesielt gjeld dette i grupper som er haldne saman av felles moralske, religiøse eller ideologiske førestillingar.

I eit demokrati er vi avhengige av at mange stemmer med ulike meiningar deltek i den offentlege debatten og bryner seg mot kvarandre. Demokrati handlar jo om folkestyre. Men ein omfattande finsk studie[1] av twittermeldingar i 2018 viser at brukarar i stor grad blir eksponerte for politiske ytringar dei er einige i, og at dette utfordrar demokratiet.

Ei undersøking[2] frå 2017 publisert av Institutt for samfunnsforsking viser at nordmenn heller ikkje nødvendigvis endrar standpunkt etter å ha delteke i debattar med folk som har heilt motsette meiningar. Tvert imot kan det hende at slike debattar blir opplevde som ein skyttargravskrig som forsterkar oppfatningane vi har frå før.

Propaganda og falske nyheiter blir spreidde og stadfesta

I USA har vi sett ei utvikling der stadig meir av den offentlege samtalen finn stad i ekkokammer der annleis tenkjande blir definerte som «fiendar». I valkampen bruker presidentkandidatane tida på å spreie mest mogleg skit om politiske motstandarar i forum der dei møter svorne tilhengjarar, heller enn å prøve å overtyde opposisjonen. Nokre slike tendensar har vi òg sett i Noreg.

I samband med val eller viktige avgjerder ser vi stadig døme på at falske nyheiter og desinformasjon blir spreidd ukritisk i ekkokammer i sosiale medium. I USA er det òg slik at ulike grupper i befolkninga berre held seg med radio- og TV-kanalar som støttar opp under meiningane deira.

På nettstaden Tenk, som er eit opplæringstilbod i regi av faktisk.no, kan du sjå eit intervju med amerikanske veljarar om korleis dei forheld seg til informasjon frå media i samband med valet i USA i 2020: Polarization in the US

Diskuter i klassen

  • Er det slik at folk i Noreg stort sett berre får informasjon frå medium som deler oppfatninga deira?
  • Om ikkje, kvifor er det forskjell på Noreg og USA?
  • Kven stoler du mest på når du gjer deg opp meiningar om politikk og viktige samfunnsspørsmål? Og kvifor stoler du nettopp på desse personane og/eller media?

Viktige omgrep i denne fagartikkelen

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2018

Læringsressursar

Konsekvensar av medieutviklinga