Hopp til innhald

Fagstoff

Periodiseringar – del 2

Det finst fleire typar periodiseringar – to av dei er behaldningsendringar og avskrivingar. Med behaldningsendring meiner vi til dømes endringane i verdien i varelageret gjennom eit rekneskapsår. Med avskrivingar meiner vi kostnaden ved slitasje på eigedelane til bedrifta.
Humoristisk bilde av overrasket regnskapsmedarbeider som drukner i dokumentmapper.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Behaldningsendringar

Ved behaldningsendring er det kontoane for varebehaldning, kundefordringar og anleggsmiddel som må justerast.

Vi skal vise eit døme med varebehaldning. (Det blir normalt berre gjort éi oppteljing av varebehaldninga i året.)

Når ei handelsbedrift går inn i eit nytt år, har ho ei behaldning av varer. Verdien blir rekna til inntakskost. La oss seie at behaldninga er 500 000 kroner.

Gjennom året blir det kjøpt varer for vidaresal for 3 000 000 kroner. Vareoppteljinga den 31. desember viser ei behaldning på 600 000 kroner.

Først kan vi sjå på ein logisk måte å vise berekningane på:

Varebehaldning 1. januar (IB)500 000+Varekjøp i løpet av året:3 000 000=Varer som totalt har vore tilgjengelige:3 500 000-Varer  lager 31. desember (UB)600 000=Varer som er forbrukt (varekostnad):2 900 000

Vi kan då seie at 100 000 av varekjøpet har gått til å auke behaldninga, medan varer til ein verdi av 2 900 000 er leverte til kundane – som altså då er varekostnaden.

Føringane i rekneskapen blir då:

1460 Varebehaldning
Debet Kredit
IB 500 000
100 000
4300 Varekjøp
DebetKredit
3 000 000
100 000

Avskrivingar

Medan varebehaldninga normalt blir periodisert éin gong i året, har vi moglegheit til å periodisere behaldninga av anleggsmidla kvar månad.

Verdien av anleggsmiddel som bilar, inventar og datautstyr blir mindre ved bruk og alder. Dette verditapet (bruken) må fangast opp i rekneskapen som ein kostnad.

Ein bil som er kjøpt inn til 480 000 kroner, har til dømes ei avgrensa levetid på 4 år. Då blir verdireduksjonen rekna til 120 000 kroner i året eller 10 000 kroner per månad. I den første månaden vil føringa sjå slik ut:

1230 Bil
DebetKredit
IB 480 000

10 000
6010 Avskriving
DebetKredit
10 000

Med omsyn til behaldninga av kundefordringar er det normalt berre ved årsavsluttinga det blir gjort ei periodisering. Då reknar ein det moglege framtidige tapet på dei fordringane bedrifta har ved nyttår. Vi skal ikkje gå meir inn på dette temaet her.

Det er ikke fastsett ved lov å gjere periodiseringar kvar månad, men ved årsoppgjeret må det gjerast. Det er likevel nyttig å måle verdiskapinga både på månads- og årsbasis.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.05.2018

Læringsressursar

Rekneskap