Hopp til innhald

Fagstoff

Avviksanalyse

Månad for månad bør vi jamføre budsjettet og dei faktiske resultata. Det er dette vi kallar avviksanalyse.
Kvinne som ser på ei grafe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er veldig lærerikt å setje opp eit budsjett. Nokre vil til og med hevde at dette arbeidet – og medvitet det skaper – er viktigare enn sjølve budsjettdokumentet. Same kva er det viktig å også bruke budsjettet.

Arbeidet med avviksanalyse

Det var enkelt for Ulla og Nils å lage ei fane med avviksanalyse. Som elles i modellen er det lett å hente tal frå eit ark til eit anna. Blir det gjort endringar på éin stad i modellen, blir alt anna som er kopla opp mot arket, også endra.

No hoppar vi fram i tid til byrjinga av februar neste år. Resultatrekneskapen for januar er ferdig. No vil Ulla gjera ein avviksanalyse mellom budsjettet for januar og dei faktiske tala for januar.

Oppsettet blir sjåande slik ut (med omsyn til plassen har vi samla kostnadene i grupper).

Tekst Rekneskap
Januar
Budsjett
Januar
Avvik
Kr. Kr. Kr.%
Varesal 950 900 - 50 -5,5 %
+ Montasje 120 150 + 30 +20,0 %
– Varekostnader 620 585- 35 - 6,0 %
= Dekningsbidrag 450 465 – 15 – 3.2 %
– Lønn 580 583 +3+0,6 %
– Administrasjon 135 140 +5 +3,5 %
Sum faste kostnader 715 723 +8 +1,1 %
Driftsresultat – 265 – 258 – 7 – 2,7 %
– Rentekostnader 10 11 +1 +9,1 %
Resultat før skatt – 275 – 269 – 6 – 2,2 %

Ulla har vore nøye med å rekne endringar i prosent jamført med budsjettet. Men ho synest det var vanskeleg å handtere om endringa går i pluss eller i minus. Ho trur likevel det er rett no.

Ho viser analysen til Per som er nøgd med oppsettet. Han er òg nøgd med at januar månad blei nesten som venta.

Det var budsjettert eit underskot på 269.000 kroner, og resultatet viser eit underskot på 275.000 kroner. Det var berre 6.000 kroner, eller 2,2 prosent, dårlegare.

Per vil likevel studere tala litt nærare for å sjå om det er grunn til å gjere nokre spesielle tiltak. Han vil nok diskutere den vesle svikta i montasjeinntektene med Ivar Montør. Men han er allereie såpass orientert at han veit at opplæringa av den nye medarbeidaren har vore meir krevjande enn dei rekna med.

Ulla og Per såg også på likviditetsbudsjettet for januar, og dei kan med glede konstatere at det budsjetterte bankinnskotet nesten er identisk med rekneskapen.

Per vil at dei neste år også skal utarbeide eit balansebudsjett. Han meiner at det blir ganske enkelt – ja, det er nesten ferdig når dei to første hovudbudsjetta er klare.

Per har kjøpt inn kake til ein litt lengre lunsj den dagen. Kaka er pynta med firmalogoen «On the alert». Han held ein liten tale der han understrekar kva for eit flott lagarbeid budsjettarbeidet har vore.

Relatert innhald

Å utføre budsjettkontroll er å samanlikne budsjett og rekneskap for å finne eventuelle avvik. Avvika må vi analysere og rette opp i.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.04.2018

Læringsressursar

Budsjettering