Hopp til innhald

Fagstoff

Samla resultatbudsjett

Eit resultatbudsjett består av alle dei budsjetterte kostnadene og inntektene. Resultatbudsjettet viser også det budsjetterte resultatet, som kan vere eit overskot eller eit underskot.
Kvinne som kastar mange pengesedler opp i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidet med det endelege resultatbudsjettet

Ulla Rekneskap har motteke delbudsjetta med inntekter og varekostnader. Det totale dekningsbidraget kjem dermed også fram, men dei faste kostnadene manglar.

Faste kostnader er eit noko upresist omgrep. Heilt faste er dei nemleg ikkje. Vi skal sjå at dei varierer noko med aktivitetsnivået. Det er likevel viktig å skilje mellom faste og variable kostnader. Dei kostnadene som ikkje endrar seg direkte med inntektene, vel vi derfor å omtale som faste.

Lønnskostnader

Bedrifta har ikkje eiga personalavdelinga – i så fall ville denne avdelinga laga eit delbudsjett for lønnskostnadene – men Ulla greier dette sjølv. Ho har alle arbeidsavtalane i arkivet sitt. Ho har også kontroll over kostnader med feriepengar og arbeidsgivaravgift.

Ho konfererer med Per Leiar om det sannsynlege lønnsnivået for dei tre nye medarbeidarane og legg desse kostnadene inn i budsjettet.

Dei andre faste kostnadene er greie å handtere. Det dreier seg om husleige, straum, forsikring, telefon, bilkostnader, vedlikehald, avskrivingar og så vidare. Ho sjekkar om det er grunn til endringar på grunn av auke i kostnadsnivået.

Ho finn ut at tre nye tilsette vil påverke telefonbruken, nokre av forsikringane og ikkje minst bilkostnadene. Ho reknar ut dette.

Ho sørgjer også for å periodisere dei kostnadene som er viktige i ei slik oversikt. Det gjeld husleige og forsikring som blir betalt for lengre periodar om gangen. Òg avskrivingane har ho periodisert per månad.

Når Ulla er ferdig, ser budsjettet slik ut:

Resultatbudsjettet for neste år:

Tal i heile tusen1. kvartal2. kvartal3. kvartal4. kvartalÅret
Salsomsetning3.0004.8002.4006.00016.200
– Varekostnad1.9503.1201.5603.90010.530
+ Montasje 5501.000 8001.4503.800
= TOTALT DB1.6002.6801.6403.5509.470
– Lønnskostnader1.7501.7501.7501.7507.000
– Administrasjon 425 450 5255251.925
= Driftsresultat– 575 480– 6351.275545
– Finanskostnader 35 35 3540145
= Ordinært resultat– 610 445– 6701.235400
– Skatt 28 28 2828112
Årsresultat– 638 417– 6981207288

Ulla sender resultatbudsjettet til Per Leiar. Per har møte med dei fem avdelingsleiarane i byrjinga av november månad. Gruppa vedtek å sende budsjettet til bedriftsstyret. Styret godtek budsjettet den 15. november.

I mellomtida har Per allereie sett Nils It-assistent i gang med ein større budsjettmodell og gitt han nokre retningslinjer. Nils skal lage ein modell som kan danne grunnlaget for eit resultatbudsjett og også eit likviditetsbudsjett.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.04.2018

Læringsressursar

Budsjettering