Hopp til innhald

Fagstoff

Støytdempande emballasje

Ømfintlege varer treng støytdempande emballasje. Sjølv om dei fleste transportmidla i dag er utstyrte med støytdempande innretningar, treng vi likevel å emballere visse typar varer med støytdempande emballasje.
Slik kan en støtindikator se ut.

Døme på typar varer

  • følsame elektroniske produkt
  • glasprodukt
  • frukt og grønt
  • egg

Dei vanlegaste støytdempande materiala er formstøypte isoporelement, bobleplast, bølgjepapp og formstøypt kartong.

For å kontrollere om eit produkt er blitt utsett for støyt ved transport og lagring, kan vi bruke støytindikatorar. Då klistrar vi ein liten ampulle på sendinga. Om ampullen er øydelagd ved framkomst, veit vi at godset har blitt utsett for støyt.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.12.2018

Læringsressursar

Emballering og klargjøring