Hopp til innhald

Kortfilm

Tuba Atlantic

Oskar har ikkje snakka med bror sin på 30 år på grunn av ein arvekrangel. Når Oskar får vite at han berre har seks dagar att å leve, ønskjer han å forsonast med bror sin. Men for å få til dette treng han hjelp av vestavinden, ein dødsengel med tannregulering og ein veldig stor tuba.

Om filmen

Blandar du norsk, vêrbiten og vakker natur med ein grinebitar og måkehatande mann som har fått kniven på strupen, ja, så får du ingrediensane til Tuba Atlantic. Ein dødsmorosam film med alvorlege undertonar. For døden er nemleg eit nøkkelord her. Oskar har berre seks dagar på seg til å forsonast med bror sin før han sjølv skal døy. Den naive jenta frå kyrkjelyden i bygda oppsøkjer Oskar og ønskjer å vere dødsengelen hans. Ho spør Oskar om ikkje han berre kan ringje bror som er over Atlanteren? Men etter tretti år utan kontakt kan denne telefonsamtalen verke vanskelegare enn sjølve døden for Oskar. I staden ønskjer han å forsonast på sitt heilt unike vis – gjennom verdas største tuba. Det blir ein kamp mot tida, måkane og ikkje minst den vanskelege og uregjerlege vinden.

Oscar-nominert

Det var kanskje den eksotiske norske naturen blanda med ei sprø, men på same tid universell historie som gjorde at Oscar-akademiet lot seg imponere av denne filmen. Sommaren 2011 gjekk filmen rett til topps blant studentfilmar frå heile verda då the 38th Annual Student Academy Awards gjekk av stabelen i Hollywood. I 2012 blei filmen også nominert til Oscar i kategorien Årets kortfilm.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.08.2020

Læringsressursar

Filmanalyse