Aktualitet

Statsbudsjettet for 2017

Publisert: 10.10.2012, Oppdatert: 04.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Finansminister Siv Jensen legg fram forslag til statsbudsjettet for 2017 i Stortinget, 6. oktober 2016. Foto. Finansminister Siv Jensen (FrP) la 6. oktober 2016 fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2017.    

logo aktualitet

 

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2017 vart presentert torsdag 6. oktober 2016. Det er finansministeren som har det overordna ansvaret for statsbudsjettet. Finansminister i dagens regjering er Siv Jensen (FrP).

 

 

Les meir: Statsbudsjettet.no 

Hovudpunkta i statsbudsjettet 2017

Regjeringa ønskjer å bruke 1.257,6 milliardar kroner i 2017. Av desse vil 225 milliardar komme frå oljefondet. Dette svarer til 3 % av forventa oljeinntekt og er derfor godt innanfor handlingsregelen som seier at staten skal bruke mindre enn 4 % årleg. Aldri før har regjeringa brukt så mykje av oljepengane på statsbudsjettet.

  • Personskatten blir føreslått kutta frå 25 % til 24 %. Det blir ei lita lette i formuesskatten, og trinnskatten blir endra slik at det blir noko skattelette for nesten alle. Men det er dei som tener over ein million kroner, som får dei største skattelettene.
  • 4 milliardar kroner går til ei målretta tiltakspakke mot arbeidsløyse. Desse tiltaka skal først og fremst gå til område og næringar som er ramma av dei fallande oljeprisene.
  • Regjeringa ønskjer endring i drivstoffavgifta som gjer at bensin blir 15 øre og diesel 35 øre dyrare per liter. Årsavgifta på bil skal reduserast.
  • 33 milliardar kroner er sette av til vegar på budsjettet. Det inkluderer tildelingar til skredsikring og tunnelar.
  • 150 millionar kroner går til å styrke arbeidet med tidleg innsats i skulen, og fleire lærarar skal få tilbod om vidareutdanning.
  • Renta på studielånet blir auka, men dei føreslår å gradvis innføre studiestøtte i 11 månader, mot 10 månader i dag.
  • Bistandsbudsjettet for 2017 er på 33,9 milliardar kroner, noko som svarer til 1 % av pårekna bruttonasjonalinntekt (BNI).

NRK har oppretta ei samleside der alle saker knytte til statsbudsjettet blir publiserte.

Fakta om statsbudsjettet

Regjeringa la fram forslaget sitt til statsbudsjett for 2017 torsdag 6. oktober.

  • Etter at budsjettet er lagt fram, startar arbeidet med mellom anna behandling i fagkomiteane, høyringar, produksjon av innstillingar og debattar i Stortinget.
  • Komiteane startar budsjettarbeidet sitt så snart budsjettet er lagt fram. Dei sender spørsmål til departementa om budsjettet innanfor fagområda sine og held opne høyringar.
  • Stortinget vedtek budsjettet i desember.
  • Med utgangspunkt i framlegget frå regjeringa lagar partigruppene i opposisjonen eigne alternative budsjett. Vanlegvis blir statsbudsjettet endra ein del.
  • Dei største endringane skjer i samband med det reviderte nasjonalbudsjettet, som blir lagt fram om våren.
  • Regjeringa har som mål å følgje handlingsregelen. Den går ut på å halde igjen på pengebruken når økonomien går godt, slik at staten kan bruke meir pengar i trongare tider.
Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald

Generelt