Hopp til innhald

Fagstoff

Slik analyserer du eit fjernsynsdrama

Når du analyserer eit fjernsynsdrama eller ein Netflix-serie, går du fram på omtrent same måten som når du analyserer ein spelefilm. Men sidan eit fjernsynsdrama ofte består av fleire episodar, er dramaturgien ulik.
Bilete frå TV-serien Broen med skodespelarane Sofia Helin og Kim Bodnia i framgrunnen og Øresundbrua i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit fjernsynsdrama er ei fiktiv medieforteljing, altså eit produkt av fantasien til manusforfattaren. Det finst likevel fjernsynsdrama som fortel om verkelege hendingar og menneske som faktisk har levd.

I ein analyse studerer du dramaturgi og karakterutvikling i forteljinga og dessutan referansane forteljinga har til kultur og samfunnsliv.

Forteljarstruktur i episodiske dramaforteljingar

Nokre dramaforteljingar er oppdelte i episodar. Ein episode er ei hending som er del av ein sekvens. Episodiske fjernsynsdrama blir gjerne delte opp i seriar og føljetongar.

Dramaseriar er episodiske forteljingar der kvar episode har ein slutt. Nokre få hovudpersonar går igjen frå episode til episode, men elles er persongalleriet og konfliktane nye. Hovudpersonen i serien har lite eller ikkje noko minne om kva som har skjedd tidlegare. Serien følgjer ofte eit fast mønster.

Føljetong er nemninga på ei lang medieforteljing der konflikten utviklar seg gjennom fleire episodar mot ein endeleg slutt. For å sikre seg at mottakarane ikkje mister interessa, sluttar gjerne kvar fjernsynsepisode med ein såkalla cliffhanger. Dette er eit forteljargrep som sørgjer for at hovudpersonen er i ein svært dramatisk situasjon idet episoden sluttar.

Såpeserie, eller såpeopera, er ein mellomting mellom serie og føljetong. Det er ein viss samanheng frå episode til episode, men såpeserien skil seg frå føljetongen ved at han aldri tek slutt. Han held fram heilt til publikum går lei, eller skodespelarane sluttar.

Tekstversjon av nyheitsreportasje om Himmelblå

Naturscener og vignett frå serien Himmelblå

Kari Skeie, reporter

I går var det slutt for denne gong. 1 million 309 tusen følgde folket på Ylvingen. Ingen andre seriar sendt på norsk TV, har hatt så mange sjåarar som Himmelblå.

Steinar Nilsen, tilfeldig intervjuobjekt på gata

Fin nordnorsk natur, det er eit fantastisk miljø, det er fantastiske skodespelarar. Det er helt unikt.

Kort scene med to av hovudpersonane i TV-serien.

Kari Skeie, reporter

Gjennom to sesongar har sjåarane følgt Marit og dei andre innbyggjarane på den vesle øya på Helgelandskysten. Men kvifor har serien trekt så mange sjåarar?

Vegard Eriksen produsent

Det eine er kva som er tema. Det handlar om å høye til, noko som mange kjenner seg att i og som er ein viktig del av livet. Og så trur eg at det er knytt til distrikta, at det er knytt til det å fortelje historier derifrå med varme og humor.

Kort scene frå serien med to av hovudpersonane og eit lite barn i barnevogn.

Kari Skeie, reporter

Suksessen har ført til at NRK skal sende ein sesong til som skal sendast neste år. Sjåarane må derfor vente eit heilt år på å få vite kva som skjedde med Kim, som forsvann på havet.

Kort scene frå serien med sterke kjensler når Kim forlèt dei andre på Ylvingen, og sett kursen ut på havet.

Henny Hansen, tilfeldig intervjuobjekt på gata

Det var trasig at han ikkje skulle komme tilbake igjen i går, han der, han Kim.

Kari Skeie, reporter

Ja, kva trur du har skjedd med han?

Henny Hansen

Eg vonar at han lever, at han kjem tilbake i ein annan episode,

Kari Skeie, reporter

Norske TV-sjåarar må altså vente til i januar neste år.

Form og innhald

Som andre medieforteljingar har eit fjernsynsdrama eit innhald og ei form. Eit fjernsynsdrama er ei komplisert medieforteljing som består av visuelle, auditive og verbale uttrykk. Derfor er det viktig å studere samspelet mellom lyd og bilete og måten enkeltelementa i forteljinga er sette saman på ved hjelp av klipping og klipperytme.

Analysedøme: The Wire

Moderne TV-seriar hentar inspirasjon frå ulike sjangrar. I e-førelesinga nedanfor viser Erlend Lavik frå Universitetet i Bergen korleis den amerikanske fjernsynsserien The Wire hentar filmspråket sitt frå både dokumentarfilm og spelefilm, og kva effekt biletkomposisjon, biletutsnitt, kameraføring, lyd og klipping har på måten vi opplever forteljinga på.

Du kan gjerne bruke Laviks framgangsmåte når du sjølv blir beden om å analysere ei scene eller ein episode i eit fjernsynsdrama.

Til fordjuping

Erlend Lavik er professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Du finn ein lengre versjon av analysen av The Wire på Vimeo. Denne analysen vart på kort tid sett av 40 000 personar!

Tips til korleis du kan gjennomføre ein dramaanalyse

Nedanfor får du konkrete tips til spørsmål du kan svare på, når du blir beden om å analysere eit fjernsynsdrama.

Presentasjon

Dette gjer du:
  • Byrje med å oppgi tittel, regissør, distributør, produksjonsland og produksjonsår.
  • Beskriv sjanger og typiske sjangertrekk.

Plott og miljø

Dette gjer du:
  • Kvar går handlinga føre seg?
  • Kva tidsperiode er handlinga lagt til?
  • Kva kjenneteiknar miljøet handlinga går føre seg i?
  • Beskriv plottet, eller handlingsgangen. NB: Bruk maks 50 ord.
  • Blir handlinga presentert kronologisk, eller i form av tilbakeblikk?
  • Går det føre seg fleire samtidige handlingar?

Karakterane

Dette gjer du:
  • Beskriv dei viktigaste karakterane (rollefigurane). Byrje med hovudpersonane.
  • Korleis er forholdet mellom desse personane?
  • Verkar nokon av desse personane som hjelparar eller motstandarar?
  • Utviklar nokon av personane seg i løpet av forteljinga?
  • Kva er det som får desse personane til å endre seg?
  • Blir nokon av personane framstilte som statiske? Kva slags karaktertrekk har i tilfelle desse personane?
  • Kva rolle speler dei statiske karakterane i forteljinga?
  • Kven i filmen identifiserer vi oss med?
  • Korleis får filmskaparen oss til å identifisere oss med nettopp denne/desse personen/ane?

Dramaturgi og forteljeteknikk

Dette gjer du:
  • Beskriv dei/den viktigaste konflikten/ane i forteljinga. Kven er involvert, og kva består konflikten/ane i?
  • Er det brukt voice over? Kven tilhøyrer i så fall denne forteljarstemma? Eller er framstillinga scenisk, utan synleg forteljar?
  • Er forteljinga delt opp i episodar? I tilfelle ja, er dette ein serie, ein føljetong eller ein såpeopera?
  • Lag ei skisse der du beskriv spenningsutviklinga, eller dramaturgien.
  • Kva slags stemning formidlar introduksjonen?
  • Kva sjangertrekk kjenner vi igjen etter å ha sett introduksjonen?
  • Kva for konflikt(ar) blir presenterte i introduksjonen?
  • Korleis blir vi kjende med karakterane i filmen?
  • Kva hending set fart i handlinga?
  • Korleis utviklar konflikten/ane seg?
  • I kva scene når spenninga sitt høgdepunkt?
  • Blir konflikten/ane løyst(e) i løpet av framvisinga, eller held konflikten/ane fram i neste episode?
  • Blir episoden avslutta med ein cliffhanger? Kva effekt har i så fall denne?
  • Blir alle trådane nøsta opp, eller sit du igjen med uavklarte spørsmål?
  • Gir avslutninga uttrykk for ein bestemt moralsk bodskap?

Filmatiske verkemiddel

Dette gjer du:
  • Kva kjenneteiknar måten bileta er komponerte på? Kva effekt gir det?
  • Kva kjenneteiknar val av biletutsnitt og biletvinklar? Kva effekt gir det?
  • Kva kjenneteiknar kameraføringa (køyring, zooming, bevegeleg/handhaldt kamera)? Kva effekt gir det?
  • Beskriv typiske trekk ved måten bilete og lyd er klipte saman på. Kva effekt gir det?
  • Beskriv klipperytmen, og eventuelt korleis denne blir endra i bestemde sekvensar. Kva effekt gir det?
  • Bruker regissøren slow motion eller "frysing" av bilete? Kva effekt gir det?
  • Er det brukt spesielle symbol i filmen? Kva betydning har i tilfelle desse symbola?
  • Kva slags verkemiddel er brukte for å understreke tidsperioden og miljøet i filmen (kostymer, rekvisittar, lyssetjing, kalde og varme fargar osb.)?
  • Beskriv korleis forteljinga blir formidla gjennom bruk av dialogar, monologar og voice over, eller forteljarstemme.
  • Beskriv bruken av diegetisk lyd (dvs. lyd som er til stades i scena), lydeffektar og musikk, og korleis dette skaper stemning og dramatikk.

Kva vil forteljinga seie oss?

Dette gjer du:
  • Ønskjer avsendaren å formidle ein bestemd bodskap?
  • Kva signal gir i tilfelle tittelen om denne bodskapen?
  • Korleis er dei filmatiske verkemidla med på å understreke denne bodskapen?
  • Fortel fjernsynsforteljinga noko om konfliktar og ideologiar i tida og samfunnet ho vart til i?
  • Kva innspel gir forteljinga til dagens samfunnsdebatt?
  • Kva tankar sit du igjen med etter å ha sett denne medieteksten?

Relatert innhald

Ei forteljing kan vere oppdikta eller handle om noko som faktisk har hendt. Alle forteljingar har ei historie og ein forteljingsstruktur.

CC BY-SASkrive av Jon Hoem, Ragna Marie Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2022

Læringsressursar

Analyser film og seriar