Hopp til innhald

Fagstoff

Truck – kontroll og vedlikehald I

Her skal vi sjå på den daglege kontrollen av trucken vi bruker. Vi skal også lære korleis vi bruker kontrollbok, slik at andre som køyrer trucken, kan lese om tilstanden til maskinen.
Gaffeltruck løftar tømmer. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dagleg kontroll

Som truckførar skal du kontrollere og halde maskinen ved like slik at han er trygg å bruke, og slik at bedrifta ikkje får ekstra kostnader som følgje av feil som kunne vore oppdaga. Det er fleire kontrollnivå. Den daglege kontrollen utfører du som truckførar, og det er også du som truckførar som står for det daglege vedlikehaldet.

I dag har mange bedrifter ein serviceavtale knytt til trucken. Det inneber at ein servicearbeidar kjem og utfører den føreskrivne servicen. Likevel må du kontrollere det rutinemessige vedlikehaldet.

Lenkje til film frå Linde (engelsk) om tryggleik og bruk av gaffeltruck.

Kontrollbok

Det er viktig at du fører den daglege kontrollen inn i ei kontrollbok. Slik kan andre også få informasjon om at trucken er kontrollert, og kva resultatet av kontrollen blei. Når du fører kontrollen inn i kontrollboka, skriv du også av timeteljaren.

Kontrollpunkt

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.10.2018

Læringsressursar

Handtere og transportere varer med truck