Hopp til innhald

Fagstoff

Trygg netthandel

Her presenterer vi bransjenorma for sal av reiselivsprodukt på internett.
Illustrasjon. Hånd som kommer gjennom laptopskjerm ned mot tastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krav til sal av reiser på nett

I 2009 kom det ei ny bransjenorm for sal og formidling av pakkereiser og flybillettar over internett. Føremålet med bransjenorma er å sikre at du som forbrukar får all den informasjonen du treng for å kunne gjere gode og trygge val når du kjøper reiser på internett. Ho inneheld krav til opplysingsplikta reisetilbydaren har både før og etter billettbestillinga.

Opplysingsplikt før kjøp av reise

Før avtalen blir inngått, skal alle vilkåra gjerast lett tilgjengelege for kunden. I tillegg skal forbrukaren få utfyllande informasjon om dei viktigaste vilkåra som gjeld for den konkrete reisa: informasjon om totalpris, reisedetaljar, betaling, bagasje, endring og avbestilling.

Krav til utforminga av nettsida

Det skal vere enkelt for forbrukaren å finne fram til viktig informasjon på nettsida. Nettsida skal gi ei lettfatteleg oversikt over bestillinga trinn for trinn, slik at kunden ikkje risikerer å forplikte seg til noko utan å vere klar over det.

Opplysingsplikt etter kjøp av reise

Etter at avtalen er inngått, skal forbrukaren få ei elektronisk stadfesting av bestillinga. Stadfestinga skal innehalde informasjon om den konkrete bestillinga, som pris, betaling, reisedetaljar, kontaktinformasjon og retten til å endre billetten.

Bransjenormen sikrar at forbrukarane får god informasjon ved kjøp av reiser på internett. Både transportørar, reisebyrå og reisearrangørar er tente med tydelege og einsarta reglar. Det aukar tryggleiken kunden skal ha ved kjøp over Internett.

Buypass AS er leverandør av løysingar for elektronisk identifikasjon, signatur og betaling.

Kjøp av flybillettar

Når vi handlar på internett, har vi krav på god informasjon og ein enkel og trygg handel. Anten du skal kjøpe eller selje flybillettar på internett, er det ei rekkje ting det er lurt å vere merksam på.

Forbrukartilsynet har fem råd og tips for bestilling av flybillettar på internett:

  1. Pass på at all informasjon er rett fylt ut før du bestiller.
  2. Hugs at du ikkje har angrerett når du bestiller ei flyreise. Det betyr at du ikkje kan krevje å få billettprisen refundert dersom du ikkje har moglegheit til å reise.
  3. Sjekk sluttprisen når du bestiller. Mange flyselskap vel å dele opp prisen slik at ein må betale ekstra for å ta med innsjekka bagasje, setereservasjon, betaling med kredittkort, innsjekking og så vidare. Set deg inn i kva for tilleggstenester du må betale for, og vurder dei ulike reisealternativa med alle pristillegg opp mot behovet ditt.
  4. Viss du kjøper flybilletten via eit nettreisebyrå, er det grunn til å vere merksam på at enkelte byrå tar høge avgifter for å hjelpe med endring av billettar, refundering av skattar og avgifter og bruk av avbestillingsforsikring. Sjekk derfor kva slags avgifter byråa tar før du bestiller.
  5. I nokon tilfelle må ein bestille innsjekka bagasje direkte frå flyselskapet etter ein har bestilt flyreisa frå nettreisebyrået. Flyselskapet tar seg gjerne ekstra betalt for dette.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Kjøpsåtferd