Hopp til innhald

Fagstoff

Økonomisk ansvar når transportøren ikkje har kontroll

Her lærer du kva situasjonar transportselskap har økonomisk ansvar for, og kva dei ikkje er ansvarlege for.
Vegsperring skilta med  "Veien stengt" og eit fareskilt om ras. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ansvarsreglar ved transportoppdrag

Ulike situasjonar som ligg utanfor kontrollen til transportøren, kan oppstå under eit transportoppdrag. Det normale når slike situasjonar oppstår, er at transportøren ikkje har økonomisk ansvar for passasjerar eller gods ut over sjølve transporten. Transportansvaret dreier seg berre om å frakte gods eller passasjerar frå A til B i samsvar med ein transportavtale.

Uventa hendingar

Transportørar opplever jamleg stengde vegar som følge av til dømes flaum, ras eller store snømengder. Dette er hendingar som ligg utanfor kontrollen til transportørane, og som det ikkje er mogleg å forsikre seg mot. Transportørane er derfor heller ikkje ansvarlege for dei meirkostnadene som oppstår for passasjerar og gods når slike hendingar oppstår. Slike hendingar blir kalla force majeure-hendingar.

Ein del transportørar tek likevel eit visst økonomisk ansvar for å unngå negative reaksjonar frå passasjerane som blir ramma. Om du kjem ut for slike situasjonar, må du rette deg etter gjeldande praksis i ditt eige selskap.

Bagasje og gods

Koffertar i bagasjerommet på ein buss. Foto.

Transportselskapa presiserer ofte ansvaret sitt i transportvilkåra. Her kjem det alltid fram at selskapa ikkje har ansvar for fraktfri handbagasje som blir borte eller skadd. Om ein koffert blir borte frå bagasjerommet i bussen på ein rutetur, er busselskapet ikkje erstatningspliktig. Dersom passasjeren har teikna reiseforsikring, vil forsikringa kunne dekke heile eller delar av tapet.

Ein transportør har alltid ansvar for å dra omsorg for godset som blir transportert. Dette betyr at sjølv om force majeure-hendingar skjer, må sjåføren gjere det som er mogleg for å unngå at lasten blir tapt. Vi finn lovgivinga om dette hos Lovdata i vegfraktlova § 22, 23 og 25.

Erstatning

Ein transportør kan måtte erstatte tapt eller skadd innanriks gods med vareverdien, men maksimalt 17 SDR per kg bruttovekt tapt eller skadd gods. For internasjonalt gods gjeld ei maksimal erstatningsgrense på 8,33 SDR per kg bruttovekt tapt eller skadd gods. Verdien av SDR kan du finne på denne valutakalkulatoren.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.06.2023

Læringsressursar

Økonomiske kalkylar og prisutrekningar