Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Journalistikk eller tekstreklame

Reglar som regulerer skiljet mellom redaksjonelt stoff og innhaldsmarknadsføring, reklame og sponsing, har Norsk presseforbund formulert i Ver Varsam-plakaten. I denne oppgåva skal du vurdere eventuelle overtramp.
Karikaturteikning frå 1912 som viser korleis kommersielle aktørar påverkar pressa. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Journalistikk er avhengig av tillit. Publikum skal vere trygge på at det redaksjonelle stoffet spring ut av ei sjølvstendig og uavhengig journalistisk vurdering, og at innhald og presentasjon er utan bindingar til utanforståande interesser.

Oppgåve 1

Kva seier Ver Varsam-plakaten 2.6, 2.7 og 2.8 om tilhøvet mellom redaksjonelt stoff, innhaldsmarknadsføring og reklame/sponsing?

Oppgåve 2

Gi ei vurdering av denne nettsida frå nettavisen.no:
Hjernen svekkes tidligere enn antatt

  • Er dette ein redaksjonell artikkel, eller er det innhaldsmarknadsføring eller tekstreklame? Grunngi svaret ditt med døme.
  • I kva grad meiner du at denne artikkelen er i strid med paragrafane i Ver Varsam-plakaten?

Oppgåve 3

Gå inn på følgjande nettstader og vurder i kva grad det er eit tydeleg skilje mellom redaksjonelt stoff og ulike tenester:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021

Læringsressursar

Etikk og medium