Tabellen nedanfor viser gjeldande krav til reiseavstand mellom bustad og skule for ulike elevgrupper. Sjå lenkje i margen.
Gruppe med skyssrett | Avstand bustad–skule for å oppnå skyssrett |
---|---|
Funksjonshemma elevar | 0 km |
Grunnskuleelevar med særleg vanskeleg eller trafikkfarleg skuleveg eller behov for båtskyss | 0 km |
Førskuleelevar og grunnskuleelevar i første klasse | 2 km |
Grunnskuleelevar i andre til tiande klasse | 4 km |
Elevar i vidaregåande skule | 6 km |
Tabell: Elevgrupper med lovbestemt skyssrett
Også skuleruter er avhengige av eit trafikkgrunnlag. I distrikt med høgt folketal med mange skulebarn som soknar til same skule, blir det brukt bussar. I område der det bur få, med få skulebarn, blir det brukt minibussar, maksitaxiar og drosjar.
Fylkeskommunane betalar skyssen for vidaregåande elevar, kommunane for grunnskuleelevar. Båe prøver heile tida å velje det billegaste transportmiddelet og samarbeider om transportløysingane.
I område der det bur få folk, dreier reknestykket seg av og til om å halde i drift eller leggje ned skular. Nedlegging fører til lengre skuleruter og skuledagar for elevane. Tidlegare hadde Samferdselsdepartementet desse retningslinjene for maksimal transport- og ventetid for grunnskuleskyss:
Elevane må akseptere ei viss reisetid i samband med skoleskyssen. Ifølgje rundskriv N-4/85 frå Samferdselsdepartementet blir det tatt utgangspunkt i følgjande reisetider (gangtid + ventetid + tid på transportmiddel):
- 45 minutt for 1. - 4. klasse
- 60 minutt for 5. - 7. klasse
- 75 minutt for 8. - 10. klasse
Rundskrivet det blir vist til over, er oppheva i dag, men kommunane prøver likevel å følgje praksisen.