Hopp til innhald

Fagstoff

Regionruter og ekspressbussruter

Her lærer du om regionruter og ekspressbussruter. Du får også vite litt om når det er aktuelt å opprette slike ruter.
Fagernes er et regionsenter.

Regionruter

I alle fylke finn vi eit regionsenter med eit breitt tenestetilbod som folk i distriktet har behov for av og til (sjukehus, bank, forsikring, faghandel med meir). I tillegg har dei som bur i regionsenteret, av og til behov for å reise til omlandet. Dette gir eit trafikkgrunnlag for rutesamband mellom distrikta og regionsentera.

Slike ruter følgjer hovudvegane inn mot regionsentera. Undervegs matar lokale bussruter regionrutene med passasjerar i knutepunkt langs traseen. Figuren nedanfor viser prinsippet. Busselskapet JVB (sjå lenkje i margen) held til på Fagernes i Oppland. Selskapet trafikkerer blant anna strekninga Lærdal–Gjøvik. På kartet ser du korleis lokale bussruter korresponderer med regionsambandet på Fagernes.

Eksempel på regionrute med lokale materuter
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ekspressbussruter

Kollektivtransport med buss høver godt på korte og mellomlange avstandar. Mange vel å ta buss også over lengre avstandar. Selskapet NOR-WAY Bussekspress administrerer eit samarbeid mellom 25 ruteselskap og tilbyr ekspressbussruter mellom større byar i Sør-Noreg.

Ekspressbussrutene følgjer stort sett stamvegnettet.

Rørosekspressen trafikkerer strekninga Røros–Trondheim.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lenkjer

NOR-WAY Bussekspress

Rørosekspressen

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Persontransportsystem