Hopp til innhald

Fagstoff

Kollektiv persontransport

Her lærer du at kollektivtransport dreier seg om nærtrafikkruter, forstadsruter, regionruter og fjernruter. Dei kortaste rutene er nokre få kilometer og dei lengste fleire titals mil. I grisgrendte område dreier kollektivtransport seg mest om skuleruter.
Skilt for bussholdeplass og retningsskilt til kai.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

To kriterium må vere oppfylte før vi kan rekne eit transporttilbod som kollektivt:

  • Transporten må vere open for allmenta.
  • Transportmiddelet må gå i fast rute.

Dersom eitt av kriteria eller båe kriteria ikkje er oppfylte, snakkar vi om individuelle transportformer i motsetnad til kollektive. I praksis vil det vere ein glidande overgang mellom individuelle og kollektive transportformer.

Grunnlaget for all kollektivtransport på veg er at mange personar ønskjer transport på same reisestrekning til same tid. Dette skjer i følgjande situasjonar:

Nærtransport1) I tettbygde område reiser folk mellom bustadområde, handelssenter og arbeidsplassområde på kvardagar heile året og skaper eit grunnlag for kollektiv nærtrafikk.
2) I større byar med et tettbygd omland arbeider mange i dei sentrale byområda. Dette skaper grunnlag for pendlarar som bruker forstadsruter.
3) Større arrangement (mange personar skal til same reisemål – fotballkampar, festivalar og så vidare).
4) Trafikknutepunkt (store passasjerterminalar, for eksempel flyplassar).
Region-transport5) Kvart fylke har eit regionsenter med eit offentleg og eit privat tenestetilbod som alle i fylket jamleg har behov for. Dette skaper grunnlag for regionale kollektivruter til og frå regionsenteret.
6) Kvar landsdel har eit landsdelssenter med eit tenestetilbod som folk i heile landsdelen jamleg har behov for. Dette skaper grunnlag for kollektivtransport med ekspressbussruter og flyruter til og frå landsdelssentera.
Fjerntransport7) Mange av oss har behov for tenestetilbodet som hovudstaden tilbyr, ein og annan gong. Derfor er det grunnlag for eit kollektivtilbod til og frå hovudstaden. I område nær hovudstaden finn vi intercitytog, fjerntog og ekspressar. I område med større avstand til hovudstaden finn vi også flyruter.
Skulebarn-transport8) Skuleruter transporterer skulebarn til og frå skular i grisgrendte område i skuleåret. Dette gir grunnlag for eit kollektivtilbod i område som elles ikkje ville hatt eit tilstrekkeleg folketalsgrunnlag for kollektive transportformer.

Tabell: Oversikt over trafikkstraumar som kan gi grunnlag for kollektive transportløysingar

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Persontransportsystem