Hopp til innhald

Fagstoff

Kapasitet for kollektive transportmiddel

Her lærer du om kapasiteten til dei ulike transportmidla og kvifor vi bør leggje til rettes for transportmiddel med høg kapasitet og endre infrastrukturen slik at dette blir mogleg.
Grafisk framstilling av trafikkgrunnlag. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor finn vi tunnelbanar berre i Oslo, og kvifor er kollektivtrafikken i dei andre byane våre nesten berre basert på buss? Figuren nedanfor kan gje oss svar på spørsmålet.

Ein normalbuss har kapasitet til å ta unna cirka 90 passasjerar per avgang (sitje- og ståplassar), ein forstadsbuss tar cirka 50 passasjerar (berre sitjeplassar). Med avgangar kvart femte minutt (12 avgangar per time) gir dette ein kapasitet på cirka 1000 passasjerar i timen med normalbuss og cirka 600 passasjerar i timen med forstadsbuss.

Figuren ovanfor illustrerer resultata frå ei undersøking i Stockholm på slutten av 1980-talet. Resultata er framleis gyldige.

Som du ser, kan kollektive transportmiddel ta unna ulike passasjermengder i rushtida. Tabellen nedanfor summerer tala.

TransportmiddelInfrastruktur

Kapasitet per linje per time

(tal passasjerar)

NormalbussVeg (bakkeplan)1 000
LeddbussVeg (bakkeplan)2 500
SporvognSporveg (bakkeplan)1 000
LeddsporvognSporveg (bakkeplan)6 000
PendeltogSkinnegang (bakkeplan)5 000
TunnelbaneSkinnegang (under bakkeplan)
20 000

Tabell: Kapasitetstal for ulike kollektivtransportmiddel

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Persontransportsystem