Hopp til innhald

Fagstoff

Eksempel på problem som store byar står overfor

Her lærer du kvifor store byar ikkje kan dekkje etterspurnaden etter motorisert transport berre ved å byggje nye vegar.
Masse fol på Operataket i forbindelse med Justin Boeber-konsert.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oslo er den mest tettfolka byen vår. I 2010 hadde Oslo cirka 587 000 innbyggjarar. Statistisk sentralbyrå har laga ein prognose som seier at folketalet 30 år seinare – i 2040 – vil vere cirka 834 000 (middels vekst).

ÅrFolketal i OsloMerknad
2040 834 000Prognose frå SSB basert på middels vekst, sjå lenkje i marg
2010- 587 000Registrert folkemengd i 2010, sjå lenkje i marg
Differanse= 247 000Prognose for vekst i folkemengda i Oslo frå 2010 til 2040

Tabell: Folketal i 2010 og prognose for 2040 for Oslo (Kjelde: SSB og Oslo kommune)

Gjennomsnittleg årleg vekst i folkesetnaden blir 8233 personar ut frå tabellen (247 000 : 30 = 8233).

La oss gå ut frå at folketalet i Oslo veks med 8233 personar per år dei neste 30 åra. La oss vidare gå ut frå at 40 % av dei nye er yrkesaktive og reiser til jobb i eigen bil samtidig i morgonrushet. Resultatet blir då at vegsystemet i Oslo om 30 år må ta unna ein tilleggstrafikk per rushtime på

247 000 x 40 % = 98 800

altså 98 800 fleire bilar.

Dette krev 83 nye køyrefelt i retning mot sentrum i morgonrushet og like mange den andre vegen i ettermiddagsrushet:

98 800 : 1200 = 82,33

altså 82,33 køyrefelt.

Viss kvart køyrefelt er 3 m breitt, vil behovet vere 83 nye, 6 m breie, tofeltsvegar. Samla blir dette ei vegbreidd på 500 m. I tillegg treng vi parkeringsareal til dei ekstra bilane. Vi veit i dag at det bur folk på nesten alle ledige areal i det sentrale Oslo-området. Det er ikkje plass til nye vegar og parkeringsplassar. Vi er nøydde til å finne andre løysingar.

Løysinga for dei mest tettfolka områda våre ligg i å satse på kollektive persontransportformer og kvalitetssikre desse. Mindre byar og tettstader har førebels ikkje dei same problema, men kan fort komme til å få det etter kvart som fleire buset seg i byane. Om ein veg i dag har ei trafikkbelasting på 1000 bilar i timen i morgonrushet, skal det berre 200 fleire bilar til før kapasitetsgrensa er nådd. Eit nytt bustadområde med plass til 500 personar kan vere nok til at kapasiteten sprekk.

Lenkjer

Prognose fra SSB basert på middels vekst

Registrert folkemengde i 2010

Løsningen er å satse på kollektive persontransportformer.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Persontransportsystem