Hopp til innhald

Fagstoff

Reisande som er blinde eller svaksynte

Her lærer du litt om behova til reisande som er blinde og svaksynte.
Person med førerhund.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blinde og svaksynte treng hjelp i ulike situasjonar. De bruker ein kvit stokk som hjelpemiddel til å kjenne etter hindringar.

Dei største problema for blinde og svaksynte på passasjerterminalar er

  • å finne rett perrong når dei skal stige på
  • å velje riktig transportmiddel når fleire køyretøy kjem til same perrong eller haldeplass samtidig
  • å vite kva haldeplass dei skal gå av på

Her kan både terminalbetening og sjåførar hjelpe til ved å komme med haldeplassinformasjon og informasjon om avgangs- og framkomsttider i god tid.

Skilt med symbol for blinde og svaksynte

Det er naturleg å tilby blinde hjelp til å finne ein ledig plass. Når du assisterer, er det den blinde som skal ta deg i armen, og ikkje omvend. Ved å halde olbogen din kan den blinde lett føle om du går opp eller ned, til høgre eller venstre.

Blinde treng som regel også hjelp med betalinga. Her dreier det seg om å finne rett pengesum og å leggje vekslepengar og billett direkte i handa til den blinde.

Somme blinde har førarhund og er sjølvhjelpte. Førarhunden er ein del av hjelpeapparatet til den blinde og reiser gratis med offentlege transportmiddel.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.12.2018

Læringsressursar

Passasjerterminalar