Hopp til innhald

Fagstoff

Reisande som er avhengige av rullestol

Her lærer du litt om behandling av reisande som er avhengige av rullestol.
Person i rullestol med ryggen mot kamera. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rullestolbrukarar treng alltid hjelp på reisene sine. Ved avgang frå passasjerterminalar må rullestolen bli løft inn i transportmiddelet eller bli lagt saman og plassert i bagasjerommet. Ved transitt på passasjerterminalar kan rullestolbrukaren ofte klare seg sjølv. Framme ved reisemålet treng rullestolbrukaren hjelp når han eller ho går av.

På lengre reiser er den beste løysinga ofte å hjelpe rullestolbrukaren til rette i eit ordinært sete. Vanlegvis er det både den mest komfortable og sikraste måten å reise på. Men det føreset at føraren eller kabinpersonalet hjelper til. Kanskje må dei også organisere hjelp frå ein medpassasjerer.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.12.2018

Læringsressursar

Passasjerterminalar