Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmen "Klimaforskning" med oppgåver

I klimaforskinga blir det brukt kunnskap frå mange fagområde, for eksempel kunnskap om endringar av CO2-innhald i atmosfæren og om evna havet har til å ta opp CO2. FNs klimapanel samanstiller kunnskapen i store rapportar for å gi politikarane grunnlag for å bestemme klimapolitikken.

Klimaforskning

I arbeidet med å føreseie korleis klimaendringane vil bli fleire hundre år fram i tid, bruker klimaforskarane klimamodellar. Men det er fleire moment i klimamodellane ein er usikker på, mellom anna kor store dei framtidige utsleppa kjem til å bli. Derfor blir det umogleg å lage heilt nøyaktige klimaprognosar. Korleis skal vi handtere usikkerheita i klimaforskinga? Kan vi stole på prognosen som klimaforskarane lagar? Har FNs klimapanel alltid rett?

Oppgåver før du ser filmen

  1. Kva veit du om FNs klimapanel?
  2. Korleis trur du forskarane kvalitetssikrar sitt eige og andre sitt arbeid?
  3. Klima blir debattert heitt i media. Kva tema er spesielt debatterte?

Oppgåver etter at du har sett filmen

  1. Keeling plasserte på 1950-talet måleinstrument for CO2-konsentrasjon i atmosfæren på fjellet Mauna Loa på Hawaii langt unna forureiningskjelder. Kvifor ønskte han å unngå forureiningskjelder, og kva resultat viser målingane?
  2. Målingane viser mellom anna at det er store årstidsvariasjonar i CO2-konsentrasjonen i atmosfæren. Kva trur de desse årstidsvariasjonane kjem av?

    Graf som viser CO2-variasjoner på Manua Loa. Grafikk.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  3. Kan havet medverke til å redusere CO2-innhaldet i atmosfæren?
  4. Korleis arbeider FNs klimapanel med å kvalitetssikre og formidle klimaforsking?
  5. FNs klimapanel har utvikla scenario som beskriv mogleg samfunnsutvikling. Kvifor har FNs klimapanel laga fleire scenario? Held det ikkje med eitt?
  6. Kvifor treng vi scenario?
  7. Kva er ein klimamodell?
  8. Kvifor er det alltid knytt usikkerheit til berekningar gjorde med klimamodellar?
  9. Rapporten frå FNs klimapanel som kom i 2007, konkluderte med at størstedelen av den globale oppvarminga dei siste 50 åra høgst sannsynleg er menneskeskapte. Kvifor skapte dette så store overskrifter og debatt?
  10. Klimapanelet blei etter rapporten som kom ut i 2007, kritisert. Kva gjekk kritikken ut på, og er det hald i desse skuldingane?

Fordjupingsoppgåver

  1. Kvifor er argumentering, usemje og publisering viktig i klimaforsking?
  2. Korleis kan forskarar arbeide med å redusere usikkerheita i klimamodellar?
  3. Kva betyr omgrepet usikker kunnskap? Bruk klima som eksempel.
  4. Beskriv det internasjonale samarbeidet som ligg til grunn for FNs klimarapportar.

Forslag til kjelder

Forslag til søk:

  • FNs klimapanel
  • klimaskeptikerne
  • samfunnsutvikling
  • framtidens klima
  • klimamodeller

Relatert innhald

CC BY-NC-NDSkrive av Naturfagsenteret, Klima- og forurensningsdirektoratet og CICERO Senter for klimaforskning. Rettshavar: Snöball Film AS
Sist fagleg oppdatert 07.08.2023

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar