Hopp til innhald

Fagstoff

Reality-TV

Deltakarane i realityseriar opptrer som seg sjølve, ikkje som fiktive personar. Konfliktar er avgjerande for å skape spenning i seriane. Seriane er baserte på internasjonale konsept.

Ein populær TV-sjanger

Reality-TV, eller verkelegheitsdrama, er ein forholdsvis ny TV-sjanger. I Noreg vart sjangeren introdusert med Robinson-ekspedisjonen (TV3, 1999), følgt av Big Brother (TVNorge, 2001) og Farmen (TV 2, 2001). Etter det har vi fått ein straum av realityseriar på alle TV-kanalar. Også NRK har kasta seg på bølgja, men seriane deira har ei litt meir moderat form enn dei som blir viste på dei kommersielle kanalane.

Forteljingar om verkelege personar

Til forskjell frå såpeseriar og fjernsynsdrama opptrer deltakarane i realityseriane som seg sjølve og ikkje som fiktive personar. Deltakarane blir medvite plukka ut for å gå inn i bestemde konfliktskapande scener.

Konfliktar er avgjerande for å skape spenning i seriane. Castingprosessen er derfor svært viktig. Produsentane ønskjer ikkje ein gjeng deltakarar som berre har det hyggjeleg saman. Ein ekte bitch og ein ufordrageleg playboy-type aukar interessa for intrigane og det sosiale samspelet. Ein kan òg tilføre ein kjendis med utagerande åtferd for å vere sikker på å få dramatikk i serien.

Internasjonale konsept

Realityseriane baserer seg på internasjonale konsept som blir selde til dei ulike TV-kanalane, og som deretter får ei lokal innpakning tilpassa det aktuelle sjåarpublikummet. Dei aller fleste realityprogramma på norsk fjernsyn er kjøpte frå utlandet. Døme på slike program er Idol, Jakten på kjærligheten, Paradise Hotel, Love Island og Mesternes mester.

Norske konsept

Villmarksseriane 71 grader nord, 71 grader nord – Norges tøffeste kjendis og Ingen grenser er døme på norske konsept. 71 grader nord er selt til fleire land sidan det vart vist for første gong på norsk TV i 1999. Land som har laga sin eigen versjon av 71 grader nord, er mellom anna Storbritannia, USA, Sveits og Polen. På polsk heiter programmet Ekspedycja. Dei lokale produksjonsselskapa i Polen, Storbritannia, USA og Sveits står ikkje fritt til å utforme variantane sine. Dei må halde seg til ei fast oppskrift og reglar utforma av rettshavar for korleis programmet skal vere.

Deltakarar i realityserien 71 grader nord. Foto.
Les meir om ulike konsept for reality-TV:
  • Kvardagsreality er eit populært konsept. Vi følgjer vanlege menneske i kvardagen deira, til dømes unge mødrer, politifolk, ambulansepersonell, sjukehustilsette osb.
  • Talentreality, som Skal me danse og Idol, er òg populære konsept. Til liks med andre realityseriar er slike program relativt billige å produsere. Dei har derfor fått stor utbreiing på kommersielle TV-kanalar.
  • Prestasjons-TV er eit format der deltakarane konkurrerer fysisk om å bli best. Døme er Mesternes mester (NRK 1) og 71 grader nord (TVNorge). Ein annan variant er seriar der menneske ikkje skal konkurrere med kvarandre, men med seg sjølve. Lars Monsen var i 2011 leiar for den populære serien Ingen grenser, der ein gjeng med funksjonshemma skulle yte det maksimale og teste sine eigne grenser på ekspedisjonar i natur og villmark.
  • Dokusåpe er ein nærliggjande sjanger. Dokusåpa følgjer meir alminnelege menneske gjennom ein periode i livet (Døme: 113, Team Ingebrigtsen).

Fleire konsept:

  • Oppsedingsreality har bortskjemde barn i hovudrolla, som gjerne skal sedast opp av ein streng person (Super Nanny, Bortskjemte prinsesser).
  • Kjendisreality handlar, som namnet seier, om menneske som av ein eller annan grunn har vorte kjendisar (Dama til, Skal vi danse).
  • Mat- eller kokkereality (Master Chef, Familiekokkene, 4-stjerners middag)
  • Homsereality (Homsepatruljen, Gay Army)
  • Reality med overvektige (Slankekrigen, Fat chance)
  • Singelreality (Paradise Hotel, Ex on the Beach, Love Island)
  • Modellreality (Top Model)
  • Cowboyreality (Ville Vesten)
  • Datingreality (Jakten på kjærligheten, Første date, Gift ved første blikk)
  • Selvreality (Funkyfam, Bloggerne)

Viral marknadsføring

Mange realityseriar brukar nettet aktivt. Etter kvar episode kan til dømes sjåarane stille spørsmål til deltakarar som har vorte stemde ut. Formålet med slike nettsamtalar er å involvere sjåarane og marknadsføre seriane. Marknadsføring av eit produkt gjennom sosiale medium, basert på at brukarane sjølve sender bodskapen vidare, gjerne fordekt som morosame sjåarvideoar på YouTube, blir kalla viral marknadsføring.

Kanalane sender òg kontinuerleg ut store mengder bakgrunnsmateriale til pressa om seriane og deltakarane, ofte spissa slik at det blir freistande for media å følgje opp.

Skapar debatt

Heilt sidan Big Brother kom på lufta, har realityseriane vore gjenstand for forarging og diskusjon. Ein del seriar har tøygd grensene for moral og kva ein kan og bør vise på TV. Dette gjeld særleg dei seriane der deltakarane blir plasserte inn i kunstig skapte miljø. Mange meiner at Paradise Hotel har leidd an i denne utviklinga, men kanalane konkurrerer heile tida om å vise mest mogleg dristige scener for å oppnå høge sjåartal. I 2021 klaga til dømes mange på realityprogrammet Naked Attraction (TVNorge). Konseptet går ut på at ein singel deltakar får sjå dei andre deltakarane nakne, og må velje ein date ut frå dette.

Deltakarar i 𝘌𝘹 𝘰𝘯 𝘵𝘩𝘦 𝘉𝘦𝘢𝘤𝘩 𝘋𝘢𝘯𝘮𝘢𝘳𝘬. Foto.

Utviklingstrendar

Kvar går reality-TV dei næraste åra? På den eine sida ser me ei auka satsing på realityseriar som viser kjærleik og sosialt engasjement. Populariteten til slike feelgood-seriar heng antakeleg saman med at vi i vanskelege tider blir meir opptekne av kjærleik og medmenneskelegdom, ikkje av knallharde duellar og utstemming.

På den andre sida kan vi forvente at grensene i Paradise Hotel-liknande konsept blir tøygde ytterlegare.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne og Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2021

Læringsressursar

Film og tv-sjangrar