Hopp til innhald

Fagstoff

Gjestar med spesielle ønske

Undersøkingar av reisevanane til folk viser at alder og livssituasjon påverkar valet av reisemål. Kva ønskjer du deg av ferien? Og kva trur du eldre personar ønskjer?
Eldre par med tandemsykkel studerer et kart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Like barn leikar best

Er du glad i småbarn? Likar du å vere saman med eldre menneske? Kva med hundar på hotellet?

Undersøkingar av reisevanane til folk viser at alder og livssituasjon påverkar valet av reisemål. Ungdom vil ha fest og moro. Barnefamiliar søkjer stader som passar for barna. Eldre søkjer stille og ro.

Mange reisande som ikkje sjølv er foreldre, vil gjerne ha eigne barnesoner på fly, og dei vil bu på barnefrie hotell.

Ungdom

I 1972 etablerte Den Internasjonale jernbaneunionen (UIC) Interrail for å markere 50-årsjubileet sitt. Interrail gav unge menneske ei fantastisk moglegheit til å reise billig med tog. Det var lenge ein veldig populær måte å sjå verda på, men er no i stor grad blitt erstatta av flyreiser.

Backpackarar (ryggsekkturistar) ser dei same tinga som før, men dei reiser i kortare periodar. Mange unge bruker pengar på aktivitetar som surfekurs og safari undervegs. Reiser «med meining» blir meir og meir populære, og frivillig arbeid i utviklingsland er i vinden som aldri før. Mange reiser for eksempel til Afrika og Asia for å jobbe på barneheim eller med dyr.

På ein nettstad les vi: «Populære reisemål for ungdom og andre som føler seg ungdommelige, er for eksempel Rodos by, Agia Napa på Kypros, Palma Nova på Mallorca, Sunny Beach i Bulgaria, Alanya i Tyrkia, Playa del Inglés på Gran Canaria og Playa de las Americas på Tenerife. På alle disse stedene er det livlig uteliv.»

Barnefamiliar

Ein familie med småbarn ønskjer barneseng, barnestol ved spisebordet og hjelp til å varme opp barnemat. Familiar med småbarn mislikar ofte rom i etasjar høgt oppe og med balkong – dei set pris på å få eit romsleg rom for familien på bakkenivå.

På enkelte hotell får barna ei overrasking ved innsjekking, ein eigen barnefilmkanal, leikekrok og frukost med morosam barnebuffet. Barnefamiliar set pris på informasjon om badeland eller andre lokale aktivitetar og attraksjonar for barn.

Seniorar

Mange seniorar reiser mykje, dei bruker stadig meir pengar og kan vere heimefrå i fleire månader. Ein del pensjonistar reiser til varmare strøk om vinteren.

Gjennom eit langt liv har mange av besteforeldra skaffa seg ein del faste vanar. Elles er dei ikkje ein ensarta masse. Somme eldre er friske og oppegåande, mens andre kan vere litt skrøpelege og dårlege til beins. Somme har behov tilsvarande rørslehemma. Mange er aktive og set pris på trim og massasje og moglegheiter for spaserturar i natur eller rolege område. Dagsturar til attraksjonar i nærområdet kan vere populært.

Kva krav og forventningar har eldre til ein overnattingsstad? Kva forventar dei av eit hotell som tilbyr langtidsferie?

Gjester med hund

Nokre hotell har forbod mot hundar, mens på andre hotell er hundar velkomne. Dersom hotellet tillèt hundar, er det ein fordel å reservere spesielle rom for gjester med firbeinte venner. Ein bør unngå rom med heildekkjande teppe for gjester med hund, og dyr skal aldri plasserast i rom som er tilpassa allergikarar.

Relatert innhald

Oppgåver om ulike grupper sine forventningar og ønske for feriereiser.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.11.2018

Læringsressursar

Behov og ønske