Hopp til innhald

Fagstoff

Tvangsmiddel

Med tvangsmiddel meiner vi blant anna dei verkemidla samfunnet har for å handheve lover og reglar.
Lovbok, håndjern, dommerklubbe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tvangsmiddel

Det er tre hovudtypar av tvangsmiddel som det offentlige – og i somme tilfelle også alle borgarar – kan bruke.

Pågriping

Med pågriping meiner vi å halde igjen ein person som er mistenkt for ei straffbar handling. § 176 i straffeprosesslova gir sivile rett til å gripe når det er på fersk gjerning eller etter ferske spor.

Krava er altså at du er sikker på at det er gjort ei straffbar handling, og at det er rett gjerningsmann du grip. Det er eit anna krav at du (også som vektar) ved ei pågriping ikkje må bruke meir makt enn nødvendig.

Oppgåve

Du kjem ut frå ein kino. På parkeringsplassen ser du at sidevindauget på bilen din er knust. Døra opnar seg, og ut kjem ein ung mann med cd-spelaren din i handa. Kva gjer du?

Ransaking

Å ransake vil seie å kroppsvisitere ein person og undersøkje det han har med seg, når det er mistanke om ei straffbar handling.

Som hovudregel er det berre politi som kan ransake. Men det finst nokre unnatak (§ 178 i straffeprosesslova). Som privatperson (eller vektar) kan du ta ein gjenstand frå ein person dersom gjenstanden kan brukast til vald eller til å komme seg unna.

Eit krav for at ein privatperson skal kunne ransake, er at han må ha samtykke frå den som blir ransaka. Dette er aktuelt for den som er vektar og for eksempel arbeider på ein flyplass.

Beslag

Å ta beslag vil seie å ta ting, for eksempel tjuvgods, frå ein mistenkt person.

Sivile (og vektarar) kan ta beslag etter § 206 i straffeprosesslova. Kravet er at den mistenkte blir treft eller forfølgt på fersk gjerning eller etter ferske spor. Det som er beslaglagt, skal straks bli levert til politiet.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik og Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Lover og reglar i tryggingsbransjen