Hopp til innhald

Fagstoff

Regelverk – forholdet til dei tilsette

Noregs lover inneheld fleire lover som regulerer forholdet mellom bedrifter og deira tilsette. Arbeidsgivarar har mange forpliktingar. Dei må til dømes følgje ferielova, folketrygdlova, arbeidsmiljølova og likestillings- og diskrimineringslova.
Logoen til Lovdata. Illustrasjon med tekst.

Ferielova

Tilsette har krav på og plikt til å ta ferie. Det er reglar for når dei skal ta ferien, og for når dei skal melde inn ferieønska sine, slik at bedrifta har moglegheit til å planleggje drifta mens dei tilsette har ferie.

Folketrygdlova

Folketrygdlova gjeld for alle som er busette i Noreg. Ho skal sikre oss økonomisk tryggleik i ulike situasjonar og fasar av livet, til dømes viss vi blir sjuke, viss vi blir arbeidsledige, og når vi blir gamle. Folketrygdlova gir bedrifter mange forpliktingar overfor dei tilsette. Dersom til dømes ein tilsett blir sjukemeld, er det bedrifta som må betale sjukepengane dei første 16 kalenderdagane av sjukefråværet.

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova inneheld mellom anna reglar som set krav til både bedrifter og tilsette når det gjeld helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen.

Sjå filmen "Helsefremmende Arbeidsplasser" (vimeo.com)

Ingen tilsette skal risikere å bli sjuke eller skadde på arbeidsplassen, og bedrifta er ansvarleg for å unngå det. Bedrifta pliktar å setje i verk tiltak for å sikre helsa, miljøet og sikkerheita på arbeidsplassen.

Arbeidsmiljølova skal òg sikre gode tilsetjingsforhold og sørgje for likestilling og likebehandling i arbeidslivet. Dei tilsette i ei bedrift skal mellom anna velje eit som skal vareta dei og interessene deira i saker som gjeld arbeidsmiljøet.

Alle bedrifter med femti eller fleire tilsette pliktar å ha eit arbeidsmiljøutval. Arbeidsmiljøutvalet skal bestå av representantar frå både arbeidsgivaren og dei tilsette. Føremålet med arbeidsmiljøutvalet er å sørgje for eit forsvarleg arbeidsmiljø i bedrifta. Utvalet skal møtast minst fire gonger i året, og dei skal utarbeide ein årleg rapport for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) i bedrifta.

Bedrifter har òg plikt til å drive internkontroll. Det er eit systematisk forbetringsarbeid innanfor HMS der bedriftene kontinuerleg vurderer eiga verksemd og eigen risiko. Reglar og retningslinjer for arbeidet med internkontroll finn vi i internkontrollforskrifta.

Likestillings- og diskrimineringslova

Alle menneske har rett til å bli behandla på same måte. Likestilling betyr i denne lova likeverd, like moglegheiter og like rettar.

Føremålet med lova er å fremje likestilling og hindre diskriminering. Det kan vere diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, alder og andre vesentlege forhold ved ein person.

Les lovene på Lovdata.no

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen, Monica Gjertsen Steinbakken og Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021

Læringsressursar

Regelverk for sals- og reiselivsbedrifter