Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lojalitetskonflikt

Kva vil det seie å vere lojal? På arbeidsplassen kan det av og til vere vanskeleg å vite kven du skal vere lojal mot. I denne oppgåva skal vi sjå nærare på ei tenkt problemstilling i eit vaktselskap.
Securitas-vektarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Petter er lærling i ei vektarbedrift. Han har ein venn og kollega som han liker godt. Ho er blid og lett å samarbeide med, er populær og godt likt av sjefen. Men Petter har lenge lagt merke til at ho tar med seg kontorrekvisita heim, og at ho har lange private telefonsamtalar i arbeidstida.

Sjefen klagar på dei høge kostnadene dette påfører bedrifta, men kollegaen fortset som før og skjuler det ikkje for Petter. Ho meiner ikkje at det ho gjer, er feil.

Petter er ein ærleg person og meiner at nettopp ærlegdom er ein viktig eigenskap i jobben som vektar. Dersom ein vektar ikkje er ærleg og lojal mot bedrifta, får heile vektaryrket rykte som useriøst.

Petter misliker situasjonen sterkt – han har hamna i ein lojalitetskonflikt.

Diskuter desse spørsmåla i små grupper:

  1. Drøft situasjonen og kom med forslag til kva Petter kan gjere.
  2. Er Petter medskuldig?
  3. Er det illojalt mot bedrifta å ikkje seie frå?
  4. Kven bør Petter gå til dersom han bestemmer seg for å seie frå?
  5. Kva framgangsmåte ville du ha valt?
CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik og Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020

Læringsressursar

Arbeidsliv