Hopp til innhald

Fagstoff

Telefonintervju

Munnlege intervju kan ein mellom anna gjennomføre over telefon. Ein viktig fordel med munnleg kommunikasjon er at det er mogleg å forklare spørsmål og oppklare misforståingar undervegs i samtalen.
Bilete av ei frustrert frue med telefonar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein rask og rimeleg metode

Du har sikkert opplevd å få telefon frå eit marknadsundersøkingsbyrå og fått spørsmålet om dei kan få snakke med «den eldste i husstanden», eller «den som sist hadde fødselsdag». Det finst både private og offentlege organisasjonar som har spesialisert seg på spørjeundersøkingar om ei heil rekkje ulike tema. TNS Gallup er den største private organisasjonen i Noreg som gjer slike intervju, medan Statistisk Sentralbyrå er den viktigaste offentlege aktøren på området.

Bilete av ein eldre mann som snakkar i mobiltelefon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein strukturert samtale

Organisasjonen som gjer intervjuet, vel ut intervjupersonane, som på fagspråket blir kalla respondentane, på grunnlag av ulike kriterium, og ringjer dei. Intervjuet går føre seg på ein strukturert måte, der spørsmåla blir stilte i ei bestemt rekkjefølgje og intervjuobjektet må velje mellom ulike fastsette svaralternativ. Alle som blir intervjua, får dei same spørsmåla, slik at svara kan samanliknast og systematiserast. På denne måten blir dataa som kjem inn, til verdifull informasjon som kan danne grunnlaget for avgjerder og planar i organisasjonen.

Svar som kan kategoriserast og talfestast

Du har sikkert vore med på telefoniske spørjeundersøkingar sjølv, og då veit du at svaralternativa kan kategoriserast på ulike måtar. Til dømes skal du svare med eit tal når du får spørsmålet: «På ein skal frå 1–6, kor fornøgd var du med servicen som blei gitt av resepsjonisten på hotell x?» Blir du derimot spurt: «Kor einig er du i utsegna helsetenester skal vere gratis?» får du mest sannsynleg svaralternativ som heilt einig, ganske einig, litt einig, verken einig eller ueinig, litt ueinig, ganske ueinig, heilt ueinig. Nokre spørsmål tillèt berre svara ja, nei, veit ikkje, og nokre spørsmål i eit telefonintervju kan vere opne slik at du med eigne ord skal forklare haldninga eller meininga di.

Det er viktig å lage føremålstenlege svaralternativ slik at ein får den informasjonen ein faktisk har behov for. Faste svarkategoriar har elles den fordelen at svara lett kan gjerast om til tal. På den måten blir store datamengder lettare å handtere og kan komme til nytte i analyse og planlegging.

Fordelar med telefonintervjuet

Dei fleste menneske i dag har ein telefon, og telefonintervjuet er derfor ein enkel måte å nå intervjuobjekta på. Dessutan er telefonintervjuet ein rask og rimeleg metode for datainnhenting. Det tek relativt kort tid, og intervjuaren får svar der og då – i motsetning til postale intervju, til dømes, der ein først må sende ut spørjeskjema og deretter vente til intervjuobjektet har sendt tilbake skjemaet i posten. I ein samtale er det også enkelt å klare opp i misforståingar undervegs. I eit skriftleg intervju må intervjuobjektet tolke spørsmåla på eiga hand, og då er risikoen for misforståingar større.

Ulemper med telefonintervju

Ulempa med telefonsamtalar, samanlikna med samtalar ansikt til ansikt, er først og fremst at vi ikkje ser kroppsspråket til intervjuobjektet, og då er det vanskelegare å vurdere om vedkommande svarer oppriktig. Dessutan er det mange respondentar som synest det er lite interessant å bli intervjua, og som dermed fortar seg med å svare for å bli ferdig. Svara ein får då, kan vere upresise eller til og med uriktige.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2017

Læringsressursar

Marknadsundersøking