Hopp til innhald

Fagstoff

Behov for berekraftig ferie?

Her skal vi prøve å vurdere korleis grunnleggjande menneskelege behov kan påverke val av berekraftige reisemål.
Par camper på fjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Behov for berekraft?

Samspelet mellom mennesket og naturen har til alle tider blitt vigd stor tyding. I ei globalisert verd blir mennesket sitt forhold til naturen stadig utfordra, til dømes av miljøforureining, endringar i klimaet og så vidare.

Georg Kamfjord skriv at nokre av våre djupast ønske og behov er knytte til natur og miljø (Reiselivsproduktet, 3. utgåve, 2001). Vi kan dekkje mange behov gjennom naturopplevingar, til dømes avkopling, rekreasjon, personleg utvikling, helse og sunnheit.

Med Kamfjord som utgangspunkt nemner vi tre forskjellige måtar å fylle den personlege krukka på:

  • Erstatning og restitusjon – det vil seie å erstatte og gjenopprette det vi tærer på i dagleglivet. Det kan vere behov for ny energi, sosial kontakt, tryggleik med meir.
  • Gjenerobring og stadfesting av noko som blir svekt eller tapt over tid. Det kan vere gjensyn med barndommens rike og barndomsvenner og oppfrisking av tapte ferdigheiter.
  • Personleg vekst gjennom å sjå nye stader,gjere og oppleve noko nytt og annleis, tileigne seg nye kunnskapar, få nye venner, vinne nye erfaringar.

Når vi ser på mennesket sitt forhold til naturen på denne måten, kan vi skimte eit grunnlag for berekraftige former for ferie i tida framover.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Berekraftig reiseliv