Fagstoff

Videobasert salsopplæring - Salsprosessen

Publisert: 08.08.2012, Oppdatert: 04.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

salgssamtale. Foto

«Då skal eg vise deg ein sykkel som eg trur vil passe perfekt for deg! Bli med meg.» Slik finn Anne draumesykkelen sin, og seljaren kan notere seg eit vellykka sal. Vi kan no tilby fire undervisingsopplegg der videodøme står sentralt. Dette kurset handlar om salssamtalen og salsprosessen. 

Videobasert salskurs

Vi tilbyr fire videobaserte salskurs med varierte undervisningsressursar. Kvart kurs tek føre seg eit sentralt tema innanfor sal og består av filmar, oppgåver og klasseromsaktivitetar.

Følgjande fire tema blir behandla:

Salssamtalen

Dette kurset handlar om salssamtalen. Her får vi først ein introduksjon til temaet i form av eit kort videoføredrag på om lag fem minutt. Salssamtalen blir delt inn i fire fasar, og vi får forklart kva som kjenneteiknar kvar fase.

I eit videocase får vi vere vitne til ein iscenesett salssamtale. Kjenner vi att dei fire stadia? Gjer seljaren ein god jobb? Kva for nokre teknikkar bruker ho? Filmen blir brukt til å illustrere poenga frå føredraget og kan også vere eit godt utgangspunkt for klassesamtale.

Klasseromsaktivitetar

Elevane får òg prøve seg: Tilleggsressursane presenterer aktivitetar som kan brukast i klasserommet, der elevane gjennom rollespel kan trene på å bli gode seljarar. Her er det også plass for evaluering  og refleksjon.

Ressursknippet inneheld òg forslag til prosjektoppgåver og ein interaktiv test der elevane kan vise kva dei har lært.

 

Relatert innhald