Tilsetjingsavtale
Tilsetjingsavtalen, eller arbeidsavtalen, er eit juridisk dokument som omtaler rettane, pliktene og lønns- og arbeidsvilkåra for den tilsette.
For eit arbeidsforhold med ei samla varigheit på meir enn éin månad, må avtalen liggje føre i skriftleg form seinast ein månad etter at arbeidsforholdet tok til. For arbeidsforhold med kortare varigheit, må ein skriftleg avtale inngåast med ein gong.
Arbeidsmiljølova § 55 stiller opp reglar for innhaldet i ein arbeidsavtale. Arbeidsavtalen må minst innehalde opplysingar om identiteten til partane, adressa til arbeidsplassen, ei beskriving av arbeidet eller tittel, stilling eller arbeidskategori.
Vidare må avtalen vise når arbeidsforholdet trer i kraft og – viss arbeidet er mellombels – forventa varigheit.
Arbeidsavtalen skal også innehalde opplysingar om arbeidstid, ferie, feriepengar, oppseiingsfristar, lønn og eventuelt godtgjering som ikkje inngår i lønna.
Introduksjon
Det bør lagast rutinar for introduksjon på arbeidsplassen, slik at den nytilsette blir teken hand om på ein god måte i den viktige startfasen. Ei ording med «fadder» er å anbefale.
Ein fadder er ein kontaktperson som kjenner verksemda og arbeidsoppgåvene godt og bør kunne gi god og praktisk informasjon. Fadderen skal også bidra til at den nytilsette blir ein del av arbeidsmiljøet og trivst på jobben.
Gruppeoppgåve
Drøft kva ein fadder bør og ikkje bør gjere.