Hopp til innhald

Fagstoff

Intervju og utveljing

Når ei finsortering av alle søknadene til den ledige stillinga i bedrifta er unnagjort, må bedrifta bestemme seg for kva søkjarar dei ønskjer å gå vidare med. Dei som er uaktuelle, bør få eit avslagsbrev.
En mann blir intervjuet til en ny jobb. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intervju

Aktuelle personar blir kalla inn til intervju. Ofte blir fleire rundar med intervju gjennomførte.

To personar frå bedrifta er gjerne til stades på intervjuet. Det er inga lett oppgåve å gjennomføre slike intervju. Intervjua bør vera nøye planlagde, og spørsmåla bør vera samkøyrde og gi eit inntrykk av ryddigheit og seriøsitet.

Etter kvart som kandidatane fell av lasset etter intervju, bør det sendast ut avslagsbrev.

Det vi kan / ikkje kan spørje om

Arbeidsgivar kan mellom anna krevje dokumentasjon av utdanning, praksis og tidlegare arbeidsgivarar og sluttattest.

Det er ikkje høve til å spørje om politiske, religiøse og kulturelle forhold eller om seksuell orientering. Det er heller ikkje lov til å spørje om medlemskap i fagforeining.

Utveljing og tilsetjingsbrev

Til slutt blir det gjort ei utveljing, og det blir sendt eit tilsetjingsbrev. Brevet vil innehalde:

  • tilsetjingsvedtaket
  • namnet på stillinga og arbeidsoppgåver
  • tidspunkt for tiltreding
  • lønns- og tilsetjingsvilkår
  • svarfrist
CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.05.2018

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling