Hopp til innhald

Fagstoff

Åndsverklova

Åndsverklova seier at alle former for kopiering og nedlasting av materiale som er verna av opphavsretten, er forbode når ein er klar over eller burde forstå at materialet er gjort tilgjengeleg på ulovleg vis.
Publikum på konferanse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stortinget vedtok våren 2005 endringar i åndsverklova som gjer at alle former for kopiering og nedlasting av materiale som er verna av opphavsretten, er forbode når ein er klar over eller burde forstå at materialet er gjort tilgjengeleg på ulovleg vis, såkalla piratkopiering. Dette inkluderer musikk, film, tekstar (bøker), bilete og programvare.

Sjølv om det er den einskilde sitt ansvar å overhalde lova, bør verksemder setje i gang tiltak for å unngå ulovleg nedlasting frå Internett, til dømes ved å blokkere særskilte typar filer og nettstader og ved å inkludere reglar for dette i dei interne retningslinjene bedrifta har for bruk av IKT-system.

Verksemda må sjølvsagt òg passe på at dei har gyldige lisensar for alle programvarene som blir brukte av dei tilsette i jobben.

Eit anna vanleg problem er at tilsette finn bilete på Internett som dei kopierer og bruker i presentasjonar, brev, brosjyrar, nettsider og så vidare i verksemda. Mange er ikkje klar over at dette er brot på åndsverklova, og verksemda må derfor informere dei tilsette om det.

Lenkje: Åndsverklova

Verksemder kan blokkere for bestemte typar filer og nettstader for å unngå ulovleg nedlasting.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Regelverk