Hopp til innhald

Fagstoff

Krav til det fysiske arbeidsmiljøet

Arbeidsmiljølova har strenge reglar for å sikre at arbeidstakarar ikkje blir skadde eller sjuke av jobben.
Kvinne på hjemmekontor lider av nakkesmerter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I utgangspunktet skulle ein ikkje tru at personar som jobbar ved ei datamaskin er særleg utsette for skadar eller sjukdom, men det er eit par ting du må passe på.

I § 4–4 i arbeidsmiljølova står det at arbeidsplassen skal bli innreidd og utforma slik at arbeidstakarane unngår uheldige fysiske belastingar, og at nødvendige hjelpemiddel skal bli stilte til disposisjon.

Ein person som bruker mesteparten av arbeidsdagen framfor ein dataskjerm, kan få problem med stiv nakke og stive skuldrer, ryggproblem og senebetennelse i armen, ofte kalla musearm.

Mykje av fråværet på norske arbeidsplassar er skulda muskelplager på grunn av einsformig arbeid framfor dataskjermen. Det er derfor viktig at arbeidsplassen blir utforma på ein slik måte at ein unngår unødige belastingar.

Du må også passe på at ikkje datamaskiner eller skrivarar som støyar mykje, blir plasserte i rom der det skal sitje nokon og jobbe.

Lenkje: Musearm

Lenkje: Arbeidsmiljølova

IKT-arbeidsplassar må bli utforma på ein slik måte at ein unngår unødige belastingar.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Regelverk