Hopp til innhald

Fagstoff

Krav til tilrettelegging og medverknad

I arbeidsmiljølova er det ein paragraf som seier at arbeidstakarane har krav på å bli informerte og å delta i planlegginga når ei verksemd skal endre system som blir brukte i arbeidet. Paragrafen nemner ikkje datamaskiner og IKT-system spesielt, men det er ofte i den samanhengen han er aktuell.
Elever ved datamaskiner som følger med på lærer som forklarer. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utgangspunktet i arbeidsmiljølova § 4–2 er at arbeidstakarane kontinuerleg skal bli informerte om system som blir brukte i arbeidet, at dei får nødvendig opplæring i bruk av systema, og at dei skal vere med når dei blir utforma.

Paragrafen stiller fem krav:

  1. Det skal bli lagt til rette for at arbeidstakaren får høve til å utvikle seg fagleg og personleg gjennom arbeidet sitt.
  2. Arbeidet skal organiserast og leggjast til rette ut frå arbeidsevna til den einskilde, kunnskapar, alder og andre føresetnader.
  3. Det skal bli lagt vekt på moglegheit til sjølvbestemming, innverknad og fagleg ansvar.
  4. Det skal bli gitt moglegheit for variasjon og for å sjå samanheng mellom enkeltoppgåver.
  5. Det skal bli gitt nok informasjon og opplæring til at arbeidstakaren er i stand til å utføre arbeidet når det skjer endringar i arbeidssituasjonen til vedkommande.

I praksis betyr dette at når ei verksemd skal gjere endringar i IKT-systema sine, må dei informere dei tilsette på førehand og gi alle som endringane har konsekvensar for, moglegheit til å uttale seg. Lova er aktuell berre når endringane har noko å seie for korleis den einskilde skal gjere jobben sin, og gjeld ikkje vanlege oppgraderingar av program og liknande.

Når nye system skal bli tekne i bruk, må dei som skal bruke dei, få nok opplæring til at dei klarer å gjere jobben og forstå kva dei gjer.

Ein må også ta omsyn til kva føresetnader den einskilde har. Eit godt døme er ei verksemd som innfører eit nytt, avansert datasystem som skal brukast av personar som har lita eller inga erfaring med IKT frå før. Då blir det naturlig nok nødvendig med mykje opplæring.

Arbeidsmiljølova, lovdata.no

Arbeidstakarar har rett til å bli informerte og å vere med i planlegginga av nye IKT-system på arbeidsplassen.

Relatert innhald

Ein viktig del av planleggingsarbeidet før innføringa av nye IKT-system er å hente inn informasjon frå alle som blir involvert i eller påverka av systemet.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

HMS for arbeidstakeren