Hopp til innhald

Fagstoff

Informasjons- og kommunikasjonsnettverka

Her lærer du litt om korleis ulike teknologiar i dag er i ferd med å smelte saman til ein felles teknologi, med bruk av internettprotokollar for overføring av telefonsamtalar, radio- og tv-sendingar og datakommunikasjon.
Personer kommuniserer via nettbasert teknologi. Illustrasjoner
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historisk har vi hatt ulike system for overføring av telefonsamtalar, kringkastingssendingar (radio og tv) og datainformasjon.

No har vi fått fiberkablar og svært gode trådlause overføringar anten via mobiltelefon eller satellitt. Dette gjer at vi kan gjere alt gjennom ein mobiltelefon, ein satellitt eller ein fiberoptisk kabel.

Bakkenett

Mast med hovedsender og UHF antenner på fjellknaus.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå 1960 til 2009 hadde Noreg eit analogt bakkenett som distribuerte tv-signal. I dag har vi eit digitalt bakkenett i staden. Det digitale bakkenettet er bygd ut og blir drive av Norges Televisjon AS, og selskapet har konsesjon for perioden 1. juni 2006 – 1. juni 2021.

Det nye digitale bakkenettet består av 430 hovudsendarar, som dekkjer om lag 98 prosent av husstandane og 87 prosent av fritidsbustader og hytter. I tillegg er det sett opp 531 satellittskuggesendarar for å sikre dekning for personar som bur i område som verken kan ta inn digital-tv-signal via satellitt eller kabel.

Lenkje til artikkel om Norges Televisjon på Wikipedia.

Mobilnetta

Ein mobiltelefon er ein kombinert radiosendar og -mottakar som er knytt til eit telefonnett. I eit mobilnettverk blir handsettet kalla ein mobilstasjon eller terminal, medan dei landbaserte radiosendarane blir kalla basestasjonar.

Basestasjonar

Basestasjonane er bundne saman med kvarandre via fiberkablar og kopla saman i digitale telefonsentralar hos mobiloperatørane. Normalt vil ein mobilsamtale i Noreg gå trådlaust mellom mobileiningane og næraste basestasjon, og via fiberkabel i bakken mellom basestasjonane. Mobiltelefoni krev at det er mobildekning i det området du er i. Mobiltelefoni kan også skje ved bruk av kommunikasjonssatellittar i staden for basestasjonar.

NMT – førstegenerasjonsnettet

Mobiltelefonar har eksistert sidan midten av 1950-talet, men det var først frå 1981 at mobiltelefoni starta for fullt gjennom utbygginga av eit nordisk mobiltelefonnett. Mange nettverk er bygde ut for trådlaus telefoni over tid. Det starta med NMT-nettet (NordiskMobilTelefon), som vi i dag omtaler som førstegenerasjonsnettet. Først fekk vi NMT 450-nettet, og deretter NMT 900-nettet. Begge desse er nedlagde i dag.

Tidlig modell av mobiltelefon. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

GSM – 2G-nett

I 1993 starta utbygginga av andregenerasjonsnettet (2G-nettet), og vi fekk det første GSM-nettet. GSM-standarden gjorde det mogleg å sende tekstmeldingar i tillegg til å ringje. Det blei også mogleg å surfe på Internett ved hjelp av ein nettlesarprotokoll (Wireless Application Protocol). GSM støttar dataoverføring med fart frå 9 kbps og opp til 38,4 kbps. GPRS har ei teoretisk overføringsfart på 170 kbps. Den vidare kapasitetsutvidinga via EDGE ga ein teoretisk fart opp til 236 kbps.

UMTS – 3G-nett

Rundt 2001 starta utbygginga av 3G-nettet. Det blei no mogleg å overføre større mengder data via mobiltelefon. UMTS-nettet har fart opp til 384 kbps, medan såkalla turbo-3G (HSDPA) har fart på 2000–4000 kbps. Både NetCom og Telenor lanserte HSDPA i Noreg hausten 2007.

4G-net

I 2011 lanserte NetCom eit 4G-nett med endå høgare overførings-kapasitet i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. 4G-nettet opnar for at mobiloperatørane kan ta opp konkurransen med dei tradisjonelle aktørane for formidling av lyd og bilete. Kapasiteten i 4G-nettet er god nok til å overføre TV-sendingar og filmar i HD-format.

Telefonskjerm med apper. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadene er regulerte

Marknadene for mobiltelefoni er sterkt regulerte i Europa – i Noreg gjennom Nkom (tidlegare Post- og teletilsynet). Sidan nettverka er svært kostbare å byggje ut, oppmodar styresmaktene til konkurranse.

Eitt verkemiddel er at dominerande netteigarar er pålagde å sleppe til konkurrentar i mobilnettet, anten gjennom vidaresal av tenestene til netteigar, gjennom eiga tenesteutvikling og eige utstyr utplassert i dette nettet, eller gjennom tilgang til å sende eigen trafikk i nettet til netteigar (roaming).

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Transportnettverket