Hopp til innhald

Fagstoff

Røyrtransportnettet for olje og gass

Her lærer du om korleis utviklinga og strukturen i røyrtransportnettverket for olje og gass har vore. I takt med utbygginga av nye olje- og gassfelt er nye felt knytte til eksisterande røyrleidningar, og nye røyrleidningar bygde.
3 rørledninger fra Ormen Lange fører under jorden på land. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det norske oljeeventyret

13. april 1965 lyste norske styresmakter ut og tildelte dei første utvinningsløyvingane for olje i Nordsjøen. Med funnet av Ekofisk i 1969 starta det norske oljeeventyret for alvor. Produksjonen på feltet tok til i 1971.

Gradvis er sokkelen opna for oljeverksemd lenger nord. Mange store funn er gjorde, til dømes Ekofisk, Statfjord, Oseberg, Gullfaks og Troll. Desse felta er framleis viktige for utviklinga av petroleumsverksemd i Noreg. Feltutbyggingane har ført til at det er etablert ein infrastruktur med gass- og oljerøyrleidningar som fleire felt har kunna knyte seg til.

Råvaretransport frå kontinentalsokkelen

Råvaretransportar inngår som ein del av norsk transportnæring. Transport av råvarer frå kontinentalsokkelen – det vil seie olje og gass – utgjer ein del av godstransportane. Transportnettverket for olje og gass er dels bygd opp for ilandføring, dels for eksport.

Den første røyrleidningen

Det første røyret for langtransport av olje blei lagt frå Ekofisk til Teeside på austkysten av Storbritannia og blei sett i drift i oktober 1975. Røyrleidningen transporterer i dag olje frå Ekofisk, Valhall, Hod, Ula, Gyda, Embla, Eldfisk og Tor, via knutepunktet Ekofisk.

Kart med oversikt over rørledninger i Nordsjøen. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Transportnettverket