Hopp til innhald

Fagstoff

Utviklinga i bruken av hamnene

Etterspørselen etter sjøtransport i Noreg dreier seg i stor grad om import og eksport av varer frå andre kontinent og om transport av passasjerar og gods mellom Noreg og det europeiske kontinentet. Men det er sjølvsagt aktørar i landet med andre behov enn dette.
Buss kjører i land fra ferje ved terminalen på Filipstadkaia i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I øykommunar dreier det seg om transport av personar og gods til og frå fastlandet. For turistnæringa dreier det seg om Hurtigruten og om å kunne ta imot cruiseskip i sommarsesongen.

Import og eksport av varer

Tabellen nedanfor viser godsmengdene for dei fire største hamnene våre i 2006. Medan Oslo er største konteinarhamn, er Bergen største hamn målt i godsmengd. Dette er på grunn av ilandføring av olje til Mongstad.

Lenkje til tal frå Statistisk Sentralbyrå for godstransport på kysten.

  • 1 stk. 20-fots sjøkonteinar = 1 TEU (Twenty-feet Equivalent Unit)
  • 1 stk. 40-fots sjøkonteinar = 2 TEU

Oslo Havn har lenge ønskt avlasting frå kommunene ikring, noko som har ført til betydeleg vekst i trafikken i hamnebyane rundt Oslo.

Transport av passasjerar og gods mellom Noreg og det europeiske kontinentet

Noreg og Sverige mangla lenge fastlandssamband med det europeiske kontinentet, men i 2001 fekk dei fastlandssamband via Øresundbrua. Manglande fastlandssamband
har i lang tid gitt grunnlag for bil- og passasjerferjetrafikk mellom Skandinavia og Europa. Dominerande rederi er Color Line og DFDS Seaways.

Bru. foto.

Transport av personar og gods mellom øykommunar og fastlandet

Til og frå øykommunar er det oppretta ferje- og hurtigbåtruter. Medan ferjesambanda inngår som ein del av vegnettet, er hurtigbåtsambanda eit sjølvstendig kollektivtransporttilbod til og frå ulike regionsenter. Offentlege myndigheiter må anten drive
kollektivtrafikken for eiga rekning eller kjøpe slike tenester frå kommersielle aktørar gjennom ein anbodsprosess. I dag er det berre nokre få store tilbydarar av slike transporttenester, så fylkeskommunane har ikkje så mange aktørar å velje mellom.

Turistnæringa og sjøtransport

Globalt er Noreg eit unikt land med sine fjordar og fjell. Ingen andre europeiske land har fjordar, og ingen andre europeiske land har høge fjell som stuper bratt ned i fjordane. Dette gjer Noreg til eit unikt reisemål. Mange cruiserederi trafikkerer derfor norskekysten kvar sommar. Dei største cruisehamnene var i 2010 Bergen, Geiranger, Oslo og Stavanger. Cruiseskip krev djupvasskaiar (12 meter djupn). Hamner som satsar på cruisetrafikk, byggjer derfor slike kaiar.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i talet på cruiseanløp for dei åtte største cruisehamnene i perioden 2005 til 2010, rangerte etter talet på anløp i 2010. Legg merke til at rangeringa varierer ein god del frå år til år.

Hamn

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Bergen

246

249

231

254

206

241

Geiranger

165

155

144

169

139

157

Oslo

144

156

138

148

150

151

Stavanger

35

68

56

93

99

111

Aurland/Flåm

131

138

128

133

123

106

Nordkapp IKS

106

103

100

108

104

97

Tromsø

95

86

89

97

89

92

Ålesund

57

54

68

67

73

74

(Kjelde: Cruise Norway)

Skip og båtar innst i Geirangerfjord. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hurtigruten

Hurtigruten blei etablert i 1893, to år før den første bilen blei importert til Noreg i 1895. Hurtigruten representerte derfor det einaste transporttilbodet for kystbefolkninga i lang tid. I dag er Hurtigruten i hovudsak eit turistprodukt.

Utfordringane i sjøtransportane er ut ifrå NTP desse:

I stamnettet til sjøs blir tiltak som har størst effekt for ein sikker, effektiv og konkurransedyktig sjøtransport, prioriterte. Utbetring av innseglingar til viktige hamner vil gi betre tryggleik og tilgjenge som betrar konkurransefortrinna til sjøtransporten. God driftstryggleik i navigasjonsinfrastrukturen er viktig. Den påbegynte utbygginga av eit meir moderne merkje- og varslingssystem tilpassa hurtigbåttrafikken vil bli ført vidare. (Kjelde: NTP 2010–2019)

En av de gamle hurtigrutene på sjøen.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Transportnettverket