Hopp til innhald

Fagstoff

Surreband

Det er ikkje nok berre å kjenne til lovverket for å kunne sikre gods. Du må også kjenne til utstyret som skal nyttast. Vi skal no sjå nærmare på surreband og andre nyttige hjelpemiddel for sikring av last.
Diverse surreband. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krav til surreband

Surreband er det vanlegaste utstyret vi bruker når vi skal sikre last. Surrebanda har eit stort bruksområde, men til stein, stål og betong (SSB) er det som oftast kjetting som blir brukt. Du finn norske krav til fiberstroppar som er berekna for lastsikring i forskrift om tekniske krav og godkjenning av kjøretøy, deler og utstyr (køyretøyforskrifta) § 45-1 punkt 11 og 12.

Eigenskapane til eit surreband

Surrebanda kan vere laga av polyester, polyamid eller polypropylen. Polyester er det vanlegaste. Uansett skal materialet som blir nytta til fiberstroppar, ikkje ha dårlegare eigenskapar enn polyester. Fiberstroppane skal vere merkte, og det er ulike reglar for merkinga. Her ser du døme på merking av fiberstroppar.

Krav til fiberstroppar
I Noreg skal minst følgande informasjon vere oppgitt for fiberstroppar som toler over 20 000 N (2 000 kg):I EU skal minst følgande informasjon vere oppgitt for fiberstroppar som toler 20 000 N (2 000 kg):
Produsent eller leverandørProdusent, produsentkode og leverandør
ProduksjonsårProduksjonsår
Lengd
Strekkraft (enkel part i rett strekk). Dersom andre delar av utstyret enn bandet har mindre strekkraft, skal dette informerast om.LC (lashing capacity). Surringsstyrke. Denne er alltid mindre enn i Noreg, ettersom EU krev ein sikkerheitsfaktor. Styrken blir oppgitt i daN (dekanewton).
MaterialtypeMaterialtype
Påskrifta MÅ IKKJE BRUKAST TIL LØFTPåskrifta NOT FOR LIFTING
Standardnummer (EN-12195-2)
SHF (Standard hand force). Krafta du bruker på strammaren for å oppnå STF (Standard tension force), som er strekkrafta.

Eit surreband bør kasserast når

  • bandet er nedsmussa
  • det manglar merking
  • det har kutt, knutar eller skadar
  • strammaren er rusta og treg

Du kan vaske eit surreband i varmt vann tilsett litt vanleg såpe.

Fire døme på surreband med diverse skadar, mellom anna kutt, knute og rusta strammar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Beskyttelse av surreband

Lasteplan med gods sikra med surreband og hjørnevern. Foto.

Fiberband kostar pengar, og derfor er det viktig at du som transportarbeidar kan passe på utstyret og bruke det på ein slik måte at det ikkje blir slite unødvendig. Eit slite band vil vere ein tryggleiksrisiko for både deg og andre.

Det viktigaste er å beskytte fiberbanda mot skarpe kantar. Det gjer du ved å bruke hjørnevern eller kutte opp gamle brannslangar og træ dei inn på bandet. Hugs at fiberbanda blir svekte frå første gongen du bruker dei, og at slitasjen blir mindre om du bruker fleire band.

Bruk av surreband

Når du bruker eit surreband, festar du det først i eit passande feste på lastberaren. Du dreg så bandet over lasta som skal sikrast, og trær det inn på snella i handstrammaren innanfrå og ut mot deg. Etter at du har festa den andre enden med strammaren i eit festepunkt, dreg du den frie enden oppover og jekkar med handstrammaren. Då slepp du at det blir for mykje band på snella som kan kile seg fast.

Handstrammar. Foto.

Stram så mykje du klarer, eller så mykje som godset kan tole. Du skal kunne oppnå eit strekk i surrebandet på minst 10 % av brotstyrken når du bruker ei kraft lik 500 N (som svarer til 50 kg) på handstrammaren. Ver merksam på at godset kanskje ikkje toler så mykje. Når du har køyrt eit stykke, må du hugse å etterstramme.

Når du har lossa og skal rulle bandet saman, finst det apparat du kan bruke. Rullar du bandet for hand, må du tenke over om det er best at kroken ligg inst, eller at han kjem til slutt. Skal bandet kastast, kan det vere lurt at du held i kroken. Skal bandet lagrast til seinare, legg du det tørt når det ikkje er i bruk.

Merke på fiberstropp der det står Safex Oslo Norway, 2 500 kg, 5 000 kg, Prod. year 2008, 100 % polyester. Foto.
CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Lastsikring