Hopp til innhald

Fagstoff

Astma

Astma er ein kronisk sjukdom som kjem av betennelse (inflammasjon) eller irritasjon i luftvegane. Dette gir ein oversensibilitet som kan føre til gjentekne episodar med hoste, tettleik i brystet, tung pust eller surkling, særleg om natta eller tidleg morgon.
Jente som tek astmamedisin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Årsak

Astma kan skuldast faktorar i både arv og miljø. Arveleg astma finst ofte saman med eksem og allergi. Ikkje-arveleg astma kan vere ein etterverknad av luftvegsinfeksjonar, ulike stoff i arbeidsmiljøet, forureining i inne- og utemiljøet, ulike sider ved kosthaldet eller tobakksrøyk hos menneske som er disponerte for å utvikle astma.

Symptom

  • Pustevanskar (dyspné) med piping og kvesing der spesielt utpusting er vanskeleg. Nokon har opplevinga av å bli kvelt og blir redde.
  • Hoste og slimaktig oppspytt (ekspektorat). Slimet er kvitt og skummande, men ved infeksjon blir slimet gulgrønt.
  • Hud og slimhinner kan få ein blåleg farge (cyanose) på grunn av oksygenmangel.

Astmaanfall

Astmaanfall kan utløysast av allergiframkallande stoff som pollen, muggsopp og husstøvmidd, tobakksrøyk, støv, forureining, tåke, kulde, ulike gassar, sterke lukter, stress, fysisk aktivitet, virusinfeksjonar og nokre medikament.

Mellom episodar med forverring kan pusten vere normal. Pasienten får anfall med pusteproblem. Det er særleg utpustinga som blir hemma.

Kva skjer i luftvegane ved astmaanfall?

Det er særleg tre faktorar som kvar for seg forårsakar anfall:

  • krampe i muskulaturen rundt luftvegane
  • irritasjon og betennelse (inflammasjon) i slimhinnene i luftvegane, dette er ikkje forårsaka av infeksjon. Betennelsen fører til hevelse i slimhinnene. Luftvegane blir forsnevra og dermed trongare, og det blir tyngre å puste.
  • opphoping av slim i luftvegane

For å førebygge astmaanfall må personen unngå stoff han eller ho reagerer på, til dømes pollen. Ei av målsetjingane med astmabehandling er å bruke minst mogleg anfallsmedikament, men for nokre pasientar er slike legemiddel nødvendig.

Behandling ved astma

Astmatikarar får medikament som førebygger anfall ved å hemme den allergiske reaksjonen i luftvegane, og medikament som reduserer symptoma når dei får eit anfall.

Alvorlege astmaanfall blir behandla på sjukehus. Ved langvarige anfall treng pasienten adrenalin. Nokre pasientar treng òg oksygenbehandling.

Det finst ulike typar legemiddel som kan takast førebyggande, under anfallet, eller så snart pasienten merkar at anfallet byrjar. Legemidla utvidar bronkiane og hemmar den allergiske reaksjonen.

Det viktigaste prinsippet er at pasienten skal få individuelt tilpassa astmabehandling som gir færrast mogleg plagar og avgrensingar i kvardagen. Legen beskriv kva medisinar som skal ta blir tekne, kor ofte og korleis ein kan endre medisineringa i periodar der astmaen endrar seg.

  • anfallsmedisin (korttidsverkande beta2-agonist): blir brukt når ein blir tett og tungpusta. Verkar i løpet av eitt til fem minutt. Har effekt i to til fire timar.
  • anfallsførebyggande medisin (langtidsverkande beta2-agonist): har effekt i minst tolv timar.
  • førebyggande astmamedisin: Kortison til inhalasjon blir teke dagleg. Kortison som blir gitt på denne måten, har ikkje dei uønskte biverknadene som blir knytte til kortison i tablettform.
  • andre førebyggande astmamedisinar: Leukotrienantagonist finst som tablettar eller granulat og blir teke ein gong i døgnet. Blir òg brukt ved høysnue (allergisk rhinitt). Teofyllinpreparat finst som tablettar.
  • Kombinasjonspreparat er ei blanding av førebyggande og anfallsførebyggande medisin i éin enkelt inhalator.
  • For den som har alvorleg astma, kan det vere nødvendig å bruke kortison i tablettform. Dette blir gitt i form av kurar over to til fire veker eller ein sjeldan gong som vedlikehaldsbehandling ved særleg alvorleg astma. Slik behandling har ein kraftig verknad på betennelsen i luftvegane.

Blir det ei alvorleg forverring av symptoma, og symptoma er kraftigare enn vanleg, må lege eller ambulansetenesta bli kontakta. Ring 113.

Utfordringar til deg

  1. Kva er astma?

  2. Kva symptom er det ved astma?

  3. Kva skjer i luftvegane ved astmaanfall?

  4. Kven er utsette for å få astma?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir. Rettshavar: Astma- og allergiforbundet
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i respirasjonssystemet