Her finn du lærestoff som gir det mogleg for deg å nå nokre av kompetansemåla i læreplanen. I løpet av skuleåret vil vi legge ut nye og spennande ressursar, og til høgre finn du ei oversikt over nyheitene.
Det vil bli fleire inngangar til lærestoffet på nettstaden. Ein kan bruke frisøk på denne sida, eller velje ein av dei tre fanene: Meny, tema og læreplan. Førebels er det berre lagt ut stoff under menyfana og læreplanfana. I løpet av kort tid vil det og bli organisert tematiske inngangar til lærestoffet.
Tema: Dette vil bli ei temabasert tilnærming til læringsoppdrag med tilhøyrande fagstoff og ressursar. Her vil det også bli lagt ut tema knytte til felleselementa i læreplanen, så som HMS, elektroteknikk, fagmessig utføring m.m.
Læreplan: Blir brukt til å finne alle nettressursane som er knytte til dei einskilde måla i læreplanen for dei ulike programfaga.
Meny: Her finn du fagstoffet presentert i ein meny slik at du kan arbeide med læringsoppdraga i kronologisk rekkjefølgje. I menyen kan du bla side for side i lærestoffet, eller velje den sida du ønskjer.
Du finn lærestoffet presentert som tekstar og oppgåver, video, animasjonar, bilete, dokumentasjon og eksisterande nettressursar. Det er ei målsetjing at læreverket skal vere tenleg for alle elevgrupper. For eksempel kan alle tekstar lesast opp av eit eige verkty (talesyntese), som er felles for alle faga i NDLA.
Denne fagnettstaden er under produksjon og er ikkje eit fullverdig læremiddel i faget. Du finn likevel allereie no fagstoff som kan brukast som enkeltståande læringsressursar. I tillegg til at meny-, tema- og læreplaninngangane blir utvida, vil fagredaksjonen fortløpande leggje ut nytt spennande innhald i faget.



Opphavs- og bruksrett