Tema
Læreplan
Ressursar
anchor menu icon
arrow
arrow
arrow
Et  dusin yrkesvalg

Velkomen til nettsidene NDLA, Vg1 Restaurant og matfag

På denne nettstaden finn du lærestoff som gjer at du kan nå mange av måla i læreplanen. Nye og spennande ressursar vil bli lagt ut i løpet av skuleåret, og til høgre finn du eit oversyn over nytt stoff.

Du kan nå lærestoffet på fleire måtar. Ein kan bruke frisøket på denne sida, eller velje ei av de tre fanene meny, tema og læreplan.

  • Tema: Dette er temabaserte oppgåver knytt til dei ulike yrka i Restaurant- og matfag. Området er delt inn i dei ulike yrka, fordelt på ulike praksisverkstader som kjøkken, restaurant, grovkjøkken og bakeri, og nokre andre tema. Oppgåvene er lenka opp til relevant fagstoff. Arbeider du med desse oppgåvene, kan du nå kompetansemåla i læreplanen.

 

  • Læreplan: Denne inngangen kan du bruke til å finne alle nettressursane som er knytt til dei enkelte kompetansemåla i læreplanen for dei ulike programfaga.

 

  • Meny: Her finn du fagstoffet presentert i ein meny slik at du kan arbeide med tema for tema. Du kan bla kronologisk i lærestoffet på nettsidene, eller velje ønskt side i menyen.


Du finn lærestoffet presentert som tekstar og oppgåver, video, animasjonar, spel, bilete og teikningar.  Det er ei målsetjing at læreverket skal kunne nyttast av alle elevgrupper. Eit eige verktøy, som er felles for alle NDLA sine fag, kan til dømes lese opp tekstane.

Mer om betaversjonenBetamerking vil seie at denne fagnettstaden ikkje er ferdig utvikla. I tillegg til mykje meir spennande innhald, vil det komme fleire tema- og menyinngangar. Så snart innhaldet er kvalitetssikra, vil det bli gjort tilgjengeleg på plassen sin i systemet.