Samfunnsfag ser på korleis det politiske samfunnet er bygd opp, på korleis styringa av landet er på ulike nivå, og på forholdet vårt til land, organisasjonar og menneske andre stader i verda.
Men vi ser ikkje berre på samfunnet rundt oss; du som individ er også viktig her. Du er ein del av samfunnet – eit samfunn som gir deg rettar og moglegheiter, men også plikter. Du treng kunnskapar om desse rettane og pliktene dersom du skal vere eit aktivt medlem av samfunnet, dersom du skal kunne gi grunnar for synspunkta dine og gjere gjennomtenkte val i framtida.
For at det skal bli enklare å finne fram på nettsidene, har vi laga ein meny som inneheld innleiingar og periodeplanar for læringsressursane. Menyen vil vere ein veg gjennom samfunnfagstoffet på NDLA.



Opphavs- og bruksrett