Hopp til innhold

Fagstoff

Sju milliardar menneske i verda

I 2011 passerte verdas befolkning sju milliardar menneske. Dette talet kjem til å auke raskt fram mot år 2050, til rundt 9,7 milliardar, men så kjem befolkningsveksten til å minke. Her skal vi sjå på nokre detaljar bak tala.
Rushtid i Taipei. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Befolkningsvekst

Befolkningsvekst handlar om kor mange barn som blir fødde, samanlikna med kor mange menneske som døyr. Før i tida var det slik at svært mange kvinner, også i Noreg, fekk mange barn. Dei fleste barna døydde likevel tidleg. Sjukdommar og epidemiar som vi i dag har kontroll på, ramma både barn og vaksne hardt. I tillegg tok uår og krig mange liv. Derfor voks ikkje folketalet så mykje.

Men etter kvart som levekåra blei betre, voks fleire barn opp, og folketalet steig. I 2016 er det slik at dei fleste kvinner i verda får to barn. Det er nok til å halde folketalet stabilt. I tillegg er det framleis mange kvinner som føder mange barn, og derfor kjem folketalet i verda til å auke ei god stund til.

Sjå svenske Hans Rosling forklare om befolkningsveksten her:


Kina og India

Dei to mest folkerike landa i verda finn vi i Asia. Både i Kina og i India er det meir enn éin milliard menneske, 1,37 milliardar i Kina og 1,3 milliardar i India (2015). Meir enn 35 prosent av befolkninga i verda bur faktisk i desse to landa. Til samanlikning har det tredje mest folkerike landet i verda, USA, «berre» 321 millionar innbyggjarar. Medlemslanda i EU har til saman ei befolkning på ca. 738 millionar.

Fødselsraten synker

Kvinnene føder på verdsbasis i gjennomsnitt halvparten så mange barn som for 50 år sidan. Men sjølv om fødselsraten går ned verda over, aukar det totale folketalet likevel med ca. 80 millionar menneske kvart år. Fødselsraten er talet på fødde i løpet av ein periode (til dømes eit år) per 1000 innbyggjarar. Befolkningsveksten kjem mellom anna av at det i mange utviklingsland framleis kjem mange barn til verda. I mange område i Afrika og Asia er gjennomsnittsalderen i befolkninga svært låg. I India er til dømes heile 40 prosent av befolkninga under tjue år. Sjølv om desse unge får færre barn enn foreldra sine, kjem folketalet i landet likevel til å auke mykje ei god stund framover, rett og slett fordi dei som får barn dei neste ti til tjue åra, utgjer ei så stor gruppe.[1]

Betre levekår fører ikkje berre til at fleire blir fødde, men òg til at folk lever lenger. I mange land står ein overfor det vi kallar ei eldrebølgje. I 2050 vil ca. éin av fire i verda vere over 60 år. Dette er ei utfordring for samfunnet, fordi stadig færre kjem til å vere i arbeid, medan stadig fleire menneske blir avhengige av ulike helsetenester og trygdeordningar.

Befolkningsveksten skaper utfordringar

Det er enorme utfordringar knytte til den store befolkningsveksten. Di fleire vi blir, di meir bruker vi av ressursar som mat, vatn og straum. I tillegg er ressursane svært skeivt fordelte. Vesten står for eit stort overforbruk. 20 prosent av befolkninga i verda bruker så mykje som 80 prosent av ressursane. Det er stor fare for at denne skeivfordelinga blir endå større, ettersom den kraftigaste befolkningsveksten skjer i dei områda der det er knappast med ressursar. Derfor er det ei hovudutfordring framover å få til ei betre og meir rettferdig fordeling av ressursane i verda.

CC BY-SASkrevet av Inga Berntsen Rudi.
Sist faglig oppdatert 06.07.2017

Læringsressurser

Verden blir mindre