Fagstoff

Appelsinpiken 1

Publisert: 28.08.2009, Oppdatert: 03.03.2017

Appelsinpiken. Bokomslag.   Appelsinpiken

Denne teksten skreiv Joakim Larsen Damsgaard da han var elev på Vg1 på Thor Heyerdahl videregående skole i Larvik.

Boka er skriven av Jostein Gaarder.  Ho er utgiven av Aschehoug Forlag, første gong i 2003.

”Sitter du godt, Georg? Det er litt viktig at du iallfall sitter støtt, for nå skal jeg fortelle deg en nervepirrende historie.” Med dette innleier Jostein Gaarder ei av dei viktigaste hendingane i den femtenårige Georg sitt liv.

Elleve år etter at faren til Georg dødde, finn familien eit brev - eit brev frå fortida. Brevet blei oppdaga inni ei barnevogn som Georg hadde som liten, og det leier den unge mannen inn i ei mystisk og spennande fortid. Faren til Georg, Jan Olav, fortel om møta sine med den mystiske Appelsinpiken, og jakta på den sanne identiteten hennar. Gjennom brevet stiller han også Georg viktige spørsmål om livet, og kva ein skal gjere med den tida ein har her på jorda.

Georg, som er interessert i astronomi, les spent om kva faren har erfart og korleis han har jakta på kjærleiken. Den unge mannen blir forundra når faren i brevet sitt fleire gonger refererer til Hubbleteleskopet, som Georg er veldig fascinert av. Desse referansane får fantasien til Georg til å skape eit bilete av at faren kanskje er i live. På same vis som faren skaper fantastiske fantasiar om Appelsinpiken, begynner Georg å lage desse fantasiane om faren. Gjennom boka stiller både Georg og Jan Olav spørsmål til seg sjølv. Det gjer nok også mange av lesarane.

Som i dei fleste barne- og ungdomsbøkene til Jostein Gaarder, er filosofiske spørsmål sentrale. På same måte er også det litt mystiske ein sentral del av den verda Gaarder leier lesaren inn i, der dei ulike personane har ville fantasiar og opplever usannsynlege hendingar.

Handlinga i Appelsinpiken kan karakteriserast som spennande, men av og til forsvinn delar av denne spenninga fordi den ytre handlinga stoppar opp. I desse delane er det til gjengjeld mykje indre handling i form av tankar, filosofiske betraktningar og spørsmål. Dei fleste av desse spørsmåla manglar svar frå forfattaren si side. Kanskje desse spørsmåla skal få lesaren til sjølv å tenkje vidare på dei problemstillingane som reisast? Lite ytre handling, og eit stort behov for sjølvstendig tenking kan også føre til at uinteresserte lesarar kan leggje boka frå seg. Handlinga kan også karakteriserast som koseleg, med mange hjartevarmande scenar. Eit døme på dette er møta mellom Georg og kjæresten til mora, Jørgen. I desse opptrer Jørgen som litt hjelpelaus, spesielt når det er snakk om Jan Olav. Jørgen viser seg likevel som ein skjønnsam person, ved å opne opp for at Georg skal gjere seg opp sine eigne tankar og meiningar.

Språket til Gaarder er godt og lett forståeleg. I motsetning til mange andre forfattarar går ikkje Gaarder i den fella at han forelskar seg i vanskelege ord og uttrykk. Derfor blir språket passande for romanen si målgruppe, ungdom. For dei som skal til å vandre inn i vaksenverda, tek boka opp mange viktige tema. Lesarane blir bombarderte med spørsmål som kan få dei til å tenkje på korleis ein skal vere som menneske og korleis ein skal leve livet sitt.

Mens Gaarder held seg unna dei språklege fellene, går han til dels i nokre andre feller. Boka kan av og til bli langdryg og derfor kjedeleg. Vidare manglar boka kapittelinndeling, noko som kan gjere det vanskeleg å leggje frå seg boka og seinare ta ho opp att. Dette kan vere lite lesarvennleg, særleg for unge og kanskje uerfarne lesarar. Sjølv meir erfarne lesarar kan finne på å leggje ned boka av desse grunnane. På den andre sida kan den kontinuerlege teksten vere med på å understreke at tankeprosessen ikkje stoppar opp. Personleg meiner eg at dette er effekten Gaarder ønskjer.

Gaarder kan også verke formanande, med ein til dels subtil moralsk bodskap. Sjølv om boka ikkje inneheld mykje direkte om religion, har ho mange religiøse referansar. Eit døme på dette er tankane rundt livet, døden og æva, og vala menne- ske gjer. Det er også slik at tematikken i boka blir veldig lik tematikken i andre av Gaarder sine ungdomsbøker. På eit vis blir det slik at har ein lese til dømes Sofies Verden, har ein fått med seg dei fleste sentrale spørsmåla. Både den indre og den ytre handlinga er lik den i andre verk av Gaarder. Som i Sofies Verden skjer store delar av handlinga gjennom brev, og som med alle hovudpersonane til Gaarder, skaper Georg seg mange fantasifulle forklaringar på normale saker. For nokre lesarar kan dette vere eit forstyrrande element. Det at forfattaren skriv om nokre av dei same tema i fleire bøker, kan på den andre sida styrke Gaarder sin bodskap.

Til tider er dette likevel ei veldig god bok. Boka har ei fantasirik skildring, eit godt språk og viktige og tankevekkjande spørsmål. Men etter mitt syn er delar av boka, som allereie nemnt, litt stilleståande og handlingsmessig og tematisk for lik tidlegare verk av Gaarder. Mi vurdering er derfor at boka kan vere ei spennande lesaroppleving, spesielt for målgruppa, men ho er kanskje ikkje like spennande for dei som har lese Gaarder sine andre bøker.

Eg vil utan tvil anbefale alle som liker å lese, eller er opptekne av filosofi, å kikke nærare på boka. Dei spørsmåla som blir reiste, kan utfordre ungdom til å tenkje vidare sjølv.

 

Lærarkommentar

Norsklærar Arne Olav Nygard har laga ei kort vurdering av teksten. Språket er kommentert særskilt fordi eleven har skrive teksten på sidemålet sitt.

Språk

  • Språket i denne bokmeldinga er jamt over godt.
  • Eleven gjer få formelle språkfeil, og dei feila som blir gjort, blir sjeldan gjentekne.
  • Her er nokre få brot med nynorske språkideal som aktiv verbform i setningar, etc. Eit døme på bruk av passiv som ikkje er heilt heldig, kan vere setninga ”(…) dei problemstillingane som reisast.” Her bør det vere "som blir reist(e)". Slike passivkonstruksjonar pregar likevel ikkje teksten elles. Setningsbygnad, teiknsetjing og grammatikk er altså jamt over bra.

Oppbygging og innhald

  • Eleven har ein god struktur (oppbygging) på teksten.
    • Han startar med eit handlingsreferat,
    • drøftar innhaldet og ei rekkje av temaa boka tar opp,
    • kommenterer språket og korleis boka fungerer overfor målgruppa boka er meint for,
    • og avsluttar med ei vurdering og tilråding.
  • Innleiinga er litt knapp. Det kan vere greitt å skrive fullt ut kva boka heiter, til dømes. Slik det står her, seier det lite.
  • Det er ein god idé å ta utgangspunkt i ei viktig setning i boka.
  • Undervegs er eleven sakleg og kritisk vurderande, for og imot, og bokmeldinga verkar derfor truverdig.
  • Einskilde plassar blir likevel påstandar ståande utan grunngjeving, som til dømes i dette tilfellet: ”Det at forfattaren skriv om nokre av dei same tema i fleire bøker, kan på den andre sida styrke Gaarder sin bodskap.” I slike tilfelle saknar eg ei grunngjeving: Kva er det ved bodskapen som blir styrkt?

Heilskapen

  • Trass i at her er småting som kan gjerast betre (einskilde språkfeil, ei litt knapp innleiande setning, osv.), er dette ei god bokmelding som gjev eit godt og balansert innsyn i Gaarders bok.
  • Vurdering: Over medels