Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

Kassen skal gjerast opp

Kvar klubbkveld gjer barna opp kassen saman med ein av dei vaksne. I kveld er det Kristin som skal hjelpe Ågot, Gøran og Isak.
Flere norske tohundrelapper. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Rutinane er at kvar av dei tre barna skal telje over pengane, og etterpå skal dei sjekke at dei har komme fram til same beløp. Deretter skal dei leggje pengane i eit skrin, og barna skal skrive under i rekneskapsboka.

Ågot og Gøran klarer dette fint, men då det er Isak sin tur, er det tydeleg at han ikkje klarer å rekne saman pengane. Kristin var ikkje klar over dette på førehand. Då Isak seier at 10 pluss 5 pluss 7 er 11 kroner, begynner dei to andre å le av han.

  • Kva bør Kristin gjere i denne situasjonen?
  • Kva kunne Kristin ha gjort om ho kjende til at Isak hadde vanskar med å rekne?
  • Skal Kristin varsle nokon om dette?
    Grunngi svaret ditt.
CC BY-SASkrevet av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist faglig oppdatert 11.01.2019

Læringsressurser

Ungdomsklubben som arbeidsplass