I åttande klasse går Kent-Are, som heilt frå han var liten har likt å gå i kjolar, bruke lausnegler, sminke seg og gjere ting som ein gjerne assosierer med jenter. Kent-Are fungerer godt i klassen og har mange venner på skulen. Han fortel Elias at han ikkje har så mange å snakke med når det gjeld korleis han vil leve livet sitt.
Elias veit at det er viktig med rollemodellar og er oppteken av å hjelpe Kent-Are til også å finne seg nokre rollemodellar. Saman ser dei derfor filmen Identitet.
- Kvifor er det viktig at barn og ungdom får utvikle seg i sitt eige tempo?
- Kva har det å seie for utviklinga av sjølvbiletet og identiteten at ein blir akseptert?
- Kvifor er det viktig at Kent-Are får kjennskap til andre som han kan identifisere seg med?
- Korleis bør skulen møte elevar som skil seg ut frå fleirtalet i klassen?
CC BY-SASkrevet av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist faglig oppdatert 04.01.2019