Hopp til innhold

Fagstoff

Terapeutisk miljø

Eit terapeutisk miljø vil seie at ein nyttar alle ressursar hos brukaren og i miljøet hans eller hennar, til behandling og betring av livskvaliteten. Omsorg, omtanke og brukarmedverknad er sentrale element i eit terapeutisk miljø.
Eldre mennesker danser. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Eit terapeutisk miljø er helsefremmande og skal gi brukarane høve til vekst og utvikling, sjølvråderett, sosial kontakt og tilhøyrsle med andre. Dette vil seie at dei grunnleggjande behova til brukarane blir tekne vare på i eit godt terapeutisk miljø.

Det terapeutiske miljøet blir skapt av haldningane til personalet, av handlingar, ytringar, tankar og kjensler i samspel med brukaren.

Målet er å leggje til rette så brukaren har framgang, vekst og utvikling, og får høve til å nå måla sine.

Kva er miljøterapi?

Miljøterapi kan handle om å trene opp funksjonar som brukarane har mista, eller funksjonar dei kanskje aldri har hatt. Miljøterapi kan også vere å trene på sosiale ferdigheter i kvardagen, eller tiltak som siktar mot meir spesifikke problem, til dømes uønskt åtferd.

Kva er ein miljøterapeut?

Vi kan definere miljøterapeutar som tilsette i helse- og oppveksttenesta som arbeider med brukarar som treng hjelp og støtte i kvardagen. Dette vil seie at du som helsefagarbeidar utfører miljøterapi i tverrfagleg samarbeid med kollegaene dine – om du arbeider på ei sjukeheimsavdeling eller i eit bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsevne. Det finst elles ei eiga fagutdanning for kliniske miljøterapeutar. Dette studiet er meint for personar med helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på høgskole- eller universitetsnivå.

Relasjonar i det terapeutiske miljøet

I eit terapeutisk miljø oppstår det mellommenneskelege prosessar. Det vil seie at personalet og brukarane utviklar miljøet i lag, og at personalet møter brukaren der han eller ho er. Eit terapeutisk miljø er ikkje noko ein har, men noko ein byggjer opp i eit tverrfagleg team der personalet og brukarane samarbeider for å nå same målet.

Ståstaden til brukaren er utgangspunktet for personalet når dei skal finne eit individuelt behandlingsopplegg. Personalet arbeider for å skape ein god atmosfære som er føreseieleg og gir tillit, så brukaren skal kjenne seg trygg. Den gode atmosfæren kan gi personalet betre føresetnader for å motivere brukarane til å arbeide for å utvikle seg og nå måla sine.

Miljøterapi for kven?

Miljøterapi blir brukt i barne- og ungdomspsykiatrien og barnevernet, og er retta mot barn og ungdom og familiane deira som opplever psykiske, åtferdsmessige, relasjonsmessige og psykososiale problem. Vidare er miljøterapi også nytta for menneske med store emosjonelle, psykiske og sosiale problem. Dette kan vere personar med til dømes aldersdemens og rusproblematikk.

Miljøterapi på institusjon

Dersom du arbeider som helsefagarbeidar i bustad for menneske med nedsett funksjonsevne, på avdeling for menneske med demenssjukdom eller ved psykiatrisk sjukehus, arbeider du og kollegaene dine som miljøarbeidarar for å betre livskvaliteten til brukarane ved å støtte og rettleie dei slik at dei klarer mest mogleg av dei daglege gjeremåla sjølve.

Støtte og rettleiing skal gjere pasienten trygg og sjølvstendig, og få han eller ho til å kjenne seg vel. Kvar brukar har fått ein individuell plan, og denne hjelper deg og kollegaene dine til å gjere og seie det same i dei ulike situasjonane som pasienten trener på.

Miljøterapi i nærområdet

Miljøterapi kan også drivast utandørs. Til dømes kan det vere snakk om å trene på å gå i butikken for å handle mat. Målet for brukaren er å klare dette utan hjelp dersom målet på sikt er at han eller ho skal flytte inn i eigen bustad. Det kan også handle om sosial trening, til dømes å trene på våge å gå ut for å møte andre menneske dersom brukaren har vanskar med det. I dei siste åra har mange sjukeheimar bygt sansehagar for å utvikle eit godt terapeutisk miljø som skal vere med og auke livskvaliteten for bebuarane.

Kommunikasjon i det terapeutiske miljøet

Kommunikasjon er ein viktig reiskap i det terapeutiske miljøet. Miljøterapeuten må kommunisere på eit språk som brukarane forstår, og det må vere tydeleg og tilpassa funksjonsnivået til brukaren. Det er ein føresetnad for at terapeutar og brukarar saman skal kunne arbeide for å nå måla som er sette for den enkelte brukaren. Miljøterapeutane må kommunisere seg imellom slik at alle oppfattar og forstår dei individuelle planane til brukarane likt.

Aktivitetar i kvardagen

Miljøterapi omfattar eit mangfald av aktivitetar. Med utgangspunkt i det brukaren treng å meistre i kvardagen sin, kan dette handle om å gå ein tur i lag med nokon eller åleine, sitje rundt eit bord og ete, vaske golv eller ta ansvaret for personleg hygiene.

Kvar aktivitet kan ha ulike løysingar ut frå kvar brukaren er i livet, og kva han eller ho treng der og då. Du må møte brukarane med ope sinn og vise at du er der for dei. Aktivitetane kan ofte handle om dei små daglegdagse hendingane som har mykje å seie for dei det gjeld. Dei ulike aktivitetane må sjølvsagt vere tilpassa funksjonsnivået til kvar enkelt. Oppgåva di som helsefagarbeidar er å motivere brukarane til å gjennomføre aktivitetane.

Grensesetjing

Grensesetjing kan vi definere som ei markering av ytterpunkt som ein ikkje bør eller må overskride. God grensesetjing gir tydeleg beskjed om kva som er akseptabel og ikkje akseptabel åtferd. Det vil seie at dei grensene ein har sett, kan vere oppdragande for personar med åtferdsproblem. Menneske med psykiske, relasjonsmessige og psykososiale problem kan ha utagerande og aggressiv åtferd.

Det kan også vere behov for skjerme brukere i psykiatrien og demensomsorga. Føremålet med det er å skape eit lite miljø som reduserer stimuli og kan verke roande på urolege eller aggressive pasientar.

Utfordringar til deg


Spørsmåla tek utgangspunkt i fagstoffet " Terapautisk miljø"

  1. Kva inneber eit terapeutisk miljø?
  2. Kva er sentrale element i eit terapeutisk miljø? Kvifor er akkurat desse elementa sentrale? Diskuter dette i klassen.
  3. Kva er føremålet med eit terapeutisk miljø?
  4. Kven er med på å skape eit terapeutisk miljø?
  5. Kva er miljøterapi?
  6. Kven utfører miljøterapi? Har du døme på situasjonar der du sjølv har utført miljøterapi?
    Del døme i klassen.
  7. Kva er føremålet med å nytte individuell plan i miljøterapeutisk arbeid?
  8. Kan du gi konkrete døme på miljøterapeutisk arbeid?
  9. Kvifor og på kva måte er kommunikasjon ein viktig reiskap i terapeutisk arbeid?
  10. Kva kan føremålet med grensesetjing vere?
  11. Sjå filmen Grøn omsorg. Korleis kan du seie at dette er eit terapeutisk miljø for brukarane?
  12. Sjå filmen Sansehage. Kvifor kan vi seie at sansehagar er ein del av eit godt terapeutisk
    miljø, og at dette kan vere med på å auke livskvaliteten til menneske med demens?
  13. I filmen Fysisk aktivitet og livsstilssjukdommar møter vi framtidige helsefagarbeidarar i
    samspel med brukarar. Kva døme finn du på at dei driv miljøterapeutisk arbeid?

CC BY-NC-SASkrevet av Astrid Marie Grue, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist faglig oppdatert 13.11.2018

Læringsressurser

Miljøarbeid for helsefagarbeideren