Fagstoff

Alle vi

Publisert: 28.07.2009, Oppdatert: 03.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Marit Kaldhol. Foto.Marit Kaldhol 


Om forfatteren

Marit Kaldhol er født i Ålesund i 1955, og er lyriker og forfatter. Hun er utdanna lærer og har undervist i grunnskolen og i videregående skole.

Hun debuterte i 1983 med diktsamlinga "Lattermilde laken", og har seinere utgitt lyrikk, barnebøker, ungdomsbøker, romaner og novellesamlinger.

 

Om teksten

Novella "Alle vi" er henta fra novellesamlinga "Alle vi – noveller for ungdom" fra 1993.

Alle vi synest at våren er deilig, med

halvstrømper og lange, brune bein.

Vi synest det er fint med litt langstrekte
musklar. Det får vi på balletten.
Alle vi går der.
Lill Miriam begynte, men ho måtte

slutte.

 

Lill Miriam er så gørrfeit at vi blir heilt

kvalme av å sjå på alt flesket.
       Ho hadde ikkje ein sjanse på spagaten,

og så begynte ho å grine i garderoben

fordi vi lo litt av kor komisk det var.
       Ho sa ho grein fordi ho tenkte på dei

nye ballettskoene som ho ikkje fekk bruke

meir. Alle vi synest det var barnsleg å grine

for eit par ballettsko.

        Mamma seier det er grusomt av

foreldra å la ei tenårings- jente sjå slik ut.

Vi skal på trening i ettermiddag. Men vi

har tid til å dra på stranda og bade først.
Alle vi syklar.
Eg har ny badedrakt.
Når vi har dukka oss og svømt litt,

legg vi oss og tørkar i sola. Det er herleg.
       Ballettlæraren vår er veldig mørk og

pen. Frå Brasil. Han synest sikkert det er

ok at vi er litt brune og lekre.

 

Så høyrer vi ei som kjem pesande. Med

eit ullteppe under armen. Alle vi synest

det er plagsamt at ho diltar slik. Ho badar

ikkje eingong.
Nina seier:
"I dag trur eg Lill Miriam skal få seg

eit lite bad."

Alle vi ser at ho blinkar, og forstår det.
"Skal du bade, Lill Miriam?" spør vi.
Nei, ho skal ikkje det.
"Jau då, det skal du. Alle vi har bada,

og då må du òg." Vi dreg av henne den

digre kjolen. Som eit telt.
"Kom no, ned til vatnet!"
 Lill Miriam vil ikkje, men vi seier ho treng det.

Trimme seg litt. Vi får henne til vasskanten.
"Når du har badedrakt, må du bade

også," seier vi.
"Men eg kan ikkje svømme", seier

Lill Miriam.
"Då skal vi lære deg!"

 

Lill Miriam strittar imot. Ho har krefter

òg, beistet.
Men alle vi er litt sterke. Frå balletten.

Vi skubbar og dreg. Litt etter litt.
Ho seier det er kaldt. Vatnet skvalpar

rundt dei feite låra.
"Du må herde deg, Lill Miriam",

seier vi.

       Så begynner ho å grine igjen. Det er

så barnsleg. Vi blir irriterte, vi skubbar

litt ekstra kraftig.

 

Då dett Lill Miriam framover i vatnet. Vi

klappar og jublar. Flott, flott!
Ho gispar og kavar seg opp att. Stryk

vatn vekk frå ansiktet.
"Lenger ut, Lill Miriam, så skal du få

svømme!"
Vi ler. Vi skubbar og dreg. Bra vi er

mange.

 

Når vatnet når til brystet på Lill Miriam,

er det lettare å få henne over ende.
"Ein, to, tre!" roper vi høgt og

skubbar samtidig.
Lill Miriam vaklar, dett og kavar seg

opp att.
Straks ho står på beina, roper vi

igjen. Og skubbar.
Augene til Lill Miriam stirer på oss.

Ansiktet hennar er annleis no. Vilt.

 

"Kom igjen, du flyt på flesket!" roper alle

vi.
Så får ikkje ho tid til å reise seg heilt.

 

Berre løfte litt på hovudet.
Ho ligg i vatnet, kavar med armane og beina.
Kvar gong ho løftar opp hovudet,

dukkar vi det ned igjen. Ned og ned og

ned. Igjen og igjen.
Vi orkar ikkje å sjå på det feite

ansiktet.

 

Etter kvart blir Lill Miriam rolegare.
Armane og beina gjer ikkje motstand

meir.

       Vi hoiar. Stemmene våre er så høge.

Alle vi synest vi har vunne. Vi tar tak i

kroppen hennar og sender han utover.

Ho er tung. Ho flyt tungt. Vi står att og

ser etter henne. Ser solblink i den mørkeblå

badedrakta. Små skvalp som stilnar

rundt låra. I håret til Lill Miriam.

       Alle vi blir stille ein augneblink. Vi

ser at Lill Miriam har slutta å løfte opp

hovudet.

 

Vi er så raske vi kan. Vi må svømme ut

etter henne, dreg henne med oss inn til land.

Opp på sanden.

       Men vi orkar ikkje å snu henne.

Sjå på ansiktet hennar. Vi hentar tinga våre.

Spring. Spring det vi maktar.

Alle vi skal rett på balletten.