Fagstoff

Erklæring om rettane til verdas urfolk endeleg godkjent

Publisert: 14.04.2010, Oppdatert: 03.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Indianere i Brasil

Generalforsamlingen har endeleg godkjent ei erklæring for rettane til urfolk. Den skisserer rettane til verdas omkring 370 millionar urfolk, og fordømmer diskrimineringa av dei. Denne debatten har pågått i meir enn 20 år.

”The United Nations Declaration on the Rights of Indigenous Peoples” er vedtatt ettar at 143 medlemsland stemte for, 11 land avsto frå å stemme mens fire land (Australia, Canada, New Zealand og USA) stemte mot erklæringsteksten.

Teksten fastset individuelle og kollektive rettar for urfolk, samt rettar til kultur, identitet, språk, arbeid, helse, utdanning og andre tema.

Erklæringa legg vekt på at urfolk har rett til å bevare og styrke sine eigne institusjonar, kulturar og tradisjonar, og at dei har rett til å utvikle seg slik dei sjølve ynskjer og tykkjer er naudsynt.

Erklæringa forbyr også diskriminering mot urfolk og framhever at urfolk må delta i alle saker som angår dei. Dei har rett til å forbli særeigne, og fylgje sine eigne mål for å nå økonomisk og sosial utvikling.

Ban Ki-moon skildrar erklæringa som ”ein historisk augneblink der medlemslanda av FN og urfolk har vorte forsont med deira smertefulle historie, og er bestemte på å gå videre saman på vegen av menneskerettar, rettferd og utvikling for alle”

Sheikha Haya, Generalforsamlinga sin president advarer likevel- ”sjølv med denne framgangen, vil urfolk møte marginalisering, ekstrem fattigdom og andre overgrep mot menneskerettane deira. Dei er ofte i konfliktar og landdisputter som truar levemåten og deira eksistens, og dei har manglande tilgang til helsevern og utdanning.”

Ambassadøren frå Canada, John McNee derimot sa at hans land var skuffa over å måtte stemme imot erklæringa, fordi dei har ”alvorlege bekymringar” med språket i dokumentet. Forskrifter om land, område og ressursar er altfor vide, uklare og kan tolkast i alt for stor grad, noko som kan kome i konflikt med avtalar som allereie er fastlagde, seier han.

Dette er ei nyhendesak frå FN, publisert etter at erklæringa vart vedteken 13. september 2007. Saka er omsett til nynorsk av FN-sambandet i Noreg.1